Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune er ein viktig regional planleggar

Regional planlegging

Den regionale planlegginga er eit samla system for offentleg planleging i fylka, under folkevald styring og kontroll. Planane vedtakast av fylkestinget og godkjennast i regjeringa. Ein regional plan skal kunne ivareta dei oppgåvene og det ansvaret fylkeskommunen har som regional utviklingsaktør.

Den regionale planlegginga skal spegle befolkninga og brukarane sine faktiske interesser og behov. Dette krev styrka medverknad frå offentlege og private aktørar. Dialog, samspel og medverknad skal vere sentrale kjenneteikn for arbeidsforma i planarbeidet.

Eit planspørsmål som har verknad for fleire kommunar er i utgangspunktet eit aktuelt tema for ein regional plan.

Frå fylkesplan og fylkesdelplan til regional plan

Med ny plan- og bygningslov (PBL) er omgrepa fylkesplanlegging, fylkesplan og fylkesdelsplan erstatta av omgrepa regional planlegging og regional plan.

Regional planstrategi

Fylkeskommunen er regional planmynde, og skal minst ein gong kva valperiode og seinast eit år etter konstituering, utarbeide ein regional planstrategi i samarbeid med kommunar, statlege organ, organisasjonar og institusjonar som blir omfatta av planarbeidet. Planstrategien skal beskrive dei viktigaste utviklingstrekka og planspørsmåla i hele eller delar av regionen. Planstrategien skal ta utgangspunkt i nasjonale mål og rammer med legge vekt på lokal erfaring og kunnskap i den regionale tilpassinga av politikken. Planstrategien skal leggast ut til offentleg ettersyn før han kan vedtakast (jf PBL kapittel 7).

 Regional plan og planbestemmingar

Fylkeskommunen skal utarbeide regionale planer for dei spørsmåla som er fastsett i den regionale planstrategien. Regional plan kan gjelde for heile regionen, delar av regionen eller være tematiske. Regionale planer skal ha eit handlingsprogram for iverksetting av planen. Regional plan skal dessutan leggast til grunn for regionale organs verksemd og for kommunal og statleg planlegging og verksemd i regionen (jf. PBL §§ 8-1, 8-2). Samarbeidet mellom fylkeskommunen og staten skjer først og fremst gjennom dei statlege etatane på fylkesnivået.

Utarbeiding og vedtaking av regional plan

Ved utarbeiding av regional plan skal fylkeskommunen samarbeide med offentlege styresmakter og organisasjonar. Statlege organ og kommunar har rett og plikt til å delta i planlegginga når den rører ved deira verkeområde eller eigne planer og vedtak (jf PBL § 8-3).

 Regional planbestemming

 Regional planmynde kan fastsette regional planbestemming knytt til retningsliner for arealbruk i ein regional plan som skal ivareta nasjonale eller regionale omsyn og interesser. Denne planbestemminga kan gjelde for inntil 10 år (PBL§ 8-5).

Kontaktpersonar

Ole Helge Haugen Ole Helge Haugen
Fylkesplansjef
71 25 82 80 /
Mob. 996 28 055
Send e-post
Heidi-Iren Wedlog Olsen Heidi-Iren Wedlog Olsen
Ass. fylkesplansjef
71 25 82 86 /
Mob. 482 81 547
Send e-post