Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Plan og analyse > Regional planlegging > Regionale delplanar > Regional delplan for attraktive byar og tettstader

Regional delplan for attraktive byar og tettstader

Regional delplan for attraktive byar og tettstader

Regional delplan for byar og tettstader er ei av dei prioriterte planoppgåvene i Regional planstrategi 2012 -2016.  

Regional delplan for byar og tettstader, senterstrukturplan for Møre og Romsdal 2014-2020 med retningsliner for lokalisering av handel og tenester vart vedteken i Fylkestinget 15. juni 2015. sak T-32/15


Regional delplan for attraktive byar og tettstader – vedtak endeleg plan

Regional delplan for attraktive byar og tettstader skal legge til rette for ei framtidsretta utvikling av Møre og Romsdal fylke gjennom å fremme berekraftig by og tettstadsutvikling og styrke samordna bustad-, areal- og transportplanlegging i og mellom kommunane.

Les meir

Utsett høyringsfrist til 1. februar 2015

Fylkesutvalet har i møte 17.11.2014 – sak U-128/14 – vedteke å forlenge høyringsfristen for Regional delplan for attraktive byar og tettstader til 1. februar 2015.

Les meir

Ny handelsanalyse for detaljvarehandelen i Møre og Romsdal

I tilknyting til arbeidet med ny senterstrukturplan, har Asplan Viak utarbeidd ein handelsanalyse for detaljvarehandelen i Møre og Romsdal fylke.

Les meir

Regional delplan for attraktive byar og tettstader på høyring

Fylkesutvalet har i sak U-69/14 vedteke å legge ut forslag til Regional delplan for attraktive byar og tettstader til høyring og offentleg ettersyn, jf. plan- og bygningslova § 8-3. Planen skal avløyse gjeldande senterstrukturplan frå 2004 og er ei av dei prioriterte planoppgåvene i Regional planstrategi 2012-2016. Høyringsfristen er forlenga til 1. desember 2014.

Les meir

Planprogram Regional delplan for attraktive byar og tettstader

Fylkesutvalet har i møte 30. september 2013 - sak U-111/13 - vedteke planprogram for Regional delplan for attraktive byar og tettstader (senterstrukturplan).

Les meir

Kontaktpersonar

Johnny Loen Johnny Loen
Plansamordnar
71 28 02 43 /
Mob. +4741631775
Send e-post
Ole Helge Haugen Ole Helge Haugen
Fylkesplansjef
71 28 02 44 /
Mob. +4799628055
Send e-post

Planen sitt føremål

Legge til rette for ei framtidsretta utvikling av Møre og Romsdal fylke gjennom å utvikle funksjonelle arbeids-, bu- og serviceregionar (ABS-regionar), fremme ei meir berekraftig by- og tettstadsutvikling og styrke samordna bustad-, areal- og transportplanlegging i og mellom kommunane.

Politisk behandling

Fylkestinget 15. juni 2015
sak T-32/15
Regional delplan for byar og attraktive tettstader - endeleg vedtak

 

Fylkesutvalet 1. juni 2014 -
sak U-69/14
Høyringsutkast; Regional delplan for byar og attraktive tettstader

Fylkesutvalet 30. september 2013 -
sak U-111/13
Planprogram