Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Regionalt planforum

Møre og Romsdal fylkeskommune arrangerer kvar månad regionalt planforum. Planforum er forankra i plan- og bygningslova:

§ 5-3 Regionalt planforum

I hver region bør det være et regionalt planforum. I planforumet skal statlige, regionale og kommunale interesser klarlegges og søkes samordnet i forbindelse med arbeidet med regionale og kommunale planer.

Regional planmyndighet oppretter regionalt planforum. Statlige og regionale organer og kommuner som er berørt av den aktuelle sak, skal delta. Andre representanter for berørte interesser kan inviteres til å delta i planforumets møter.Regional planmyndighet har ansvar for planforumets ledelse og sekretariat.

Sakstyper: 
Planforum skal drøfte konkrete plansaker og medverke til gjensidig informasjon og avklaring av konkrete spørsmål og sektorinteresser. Det skal også sikre samordning av ulike interesser og syn, raskare avklaring og ein meir samstemt praksis i plansaker. Regionalt planforum skal styrke planlegginga generelt og førebyggje konfliktar.

Alle kommuneplanar som skal rullerast bør leggjast fram i regionalt planforum. Også kommunale planstrategiar, interkommunale planar, enkelte kommunedelplanar og større reguleringsplanar vil vera aktuelle å ta opp. Det same gjeld regionale planstrategiar, regionale planar, regionale planbestemmingar og andre saker av overordna prinsippiell karakter.

Det er ønskeleg at kommuneplanar og regionale planar vert drøfta to gongar; før planprogram vert fastsett og før offentleg ettersyn.

Praktisk gjennomføring:
Møre og Romsdal fylkeskommune v/ Plan- og analyseavdelinga er sekretariat og ansvarleg for innkalling, drift, møteleiing og referat.

Planforum vert halde på fylkeshuset med mindre anna er avtalt. Kommunane deltek på den måten dei sjølve finn tenleg ut frå saken dei har meldt inn.

Kommunar og regionale etatar som ønskjer å ta opp saker må melde desse inn for fylkeskommunen seinast 14 dagar før møtet. Relevante saksdokument må sendast elektronisk seinast 7 dagar før møtet. Plan- og analyseavdelinga distribuerer vidare og kallar inn til møte.

Kontaktpersonar

Ole Helge Haugen Ole Helge Haugen
Fylkesplansjef
71 28 02 44 /
Mob. +4799628055
Send e-post
Johnny Loen Johnny Loen
Plansamordnar
71 28 02 43 /
Mob. +4741631775
Send e-post

Relevante dokument

Innmelding av saker til regionalt planforum

Kalender

14. desember

Møte i regionalt planforum 14. desember

Fylkeshuset, møterom 700 (7. etg.)