Kart over den demografiske sårbarheita i kommunane
Mange av kommunane i Møre og Romsdal har i dei siste åra opplevd god vekst i folketalet, og mykje av denne veksten kjem av ein auke i innvandringa frå utlandet. På trass av veksten, kan fleire av kommunane seiast å vere sårbare når det gjeld demografisk utvikling.