Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Folkehelsestatistikk

Folkehelsestatistikk

OVERSIKT OVER HELSETILSTAND OG PÅVIKNINGSFAKTORAR

Fylkeskommunen skal ha nødvendig oversikt over helsetilstanden i fylket og dei positive og negative faktorar som kan virke inn på denne. Oversikta skal mellom anna inngå som grunnlag for arbeidet med fylkeskommunen sitt planarbeid.

På denne nettsida publiserer vi relevant statistikk og publikasjonar knytt opp mot kravet om oversikt, jf. Lov om folkehelsearbeid (folkehelselova).  Med folkehelse meinast befolkninga sin helsetilstand og korleis helsa fordelar seg i ei befolkning.

I følgje Folkehelselova skal oversikta til fylkeskommunen blant anna  baserast på:

  • Opplysningar som statlege helsemyndigheter gjer tilgjengeleg
  • Relevant kunnskap frå kommunane, tannhelsetenesta og andre delar av fylkeskommunen si verksemd med betyding for folkehelsa 

Det vil i 2012 kome ei forskrift som definerer nærare kravet til oversiktsarbeidet.

Frå statlege helsemyndigheiter:
Kommunehelsa statistikkbank, samt Folkehelseprofilar for kommunane med kommunal folkehelsestatistikk - er frå Nasjonalt folkehelseinstitutt.


Kurs i folkehelseprofilar og kommunehelsa statistikkbank

Nasjonalt folkehelseinstitutt har publisert folkehelseprofilar for alle kommunane og ein eigen statistikkbank for kommunehelse. Kommunane kan lage sine eigne tabellar og diagram ut i frå dette.

Les meir

Hva spiser elevene på skolen?

Hva spiser elevene på skolen? er ein rapport der til saman 15.000 elever frå alle klassetrinn i fjor kartla sin skolemat gjennom Forskningskampanjen, i regi av Forskningsrådet. Dette gir oss langt meir kunnskap om kva skolematen består av.

Les meir

«Barnebarometeret 2012»

Barn og unges miljø og helse 2011 er ein rapport frå Statistisk sentralbyrå (SSB) som presenterer ei kartlegging av barn og unge sine oppvekstvilkår. Rapporten legg til rette for analyse av barn og unge sitt miljø og helseforhold og viser utviklinga over tid.

Les meir

Kontaktpersonar

Sigri J Spjelkavik Sigri J Spjelkavik
Rådgivar folkehelse
71 25 89 10 /
Mob. 953 38 348
Send e-post
Sigrunn Myklebust
Rådgivar
70 25 82 81 /
Mob. 950 65 644
Send e-post

Kommunehelsa statistikkbank

Kommunehelsa statistikkbank inneheld statistikk om helse, sjukdom, risikofaktorar og befolkning i norske kommunar. Her kan du lage tabellar og ulike typar diagram.

Lenke til statistikkbanken.

Folkehelseprofilar for kommunar og fylker

Her kan du hente ut folkehelseprofil for din kommune eller for fylket.
Profilane er i pdf-format.