Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Fylkesstatistikk 2010

Målet med statistikken er å gje eit innblikk i så store delar av samfunnet Møre og Romsdal som mogleg, og i enkelte tilfelle korleis vi ligg an i forhold til andre fylke eller gjennomsnittet for landet.

Visst du til dømes at auken i folketalet i Møre og Romsdal var rekordhøg i 2009, og at hovudårsaka var innflytting frå utlandet? At berre tre kommunar i fylket ville hatt auke i folketalet dei siste tre åra utan innvandring, eller at flyttebalansen for ”unge vaksne” framleis er negativ i fylket?

At sysselsetjinga gjekk noko ned i 2009 var kanskje kjent for dei fleste, men at nedgangen her i fylket berre var om lag halvparten av landet visste du kanskje ikkje? Sjølv om den samla sysselsetjinga gjekk ned, var det auke i offentleg sysselsetjing både her i fylket og i landet. I Møre og Romsdal var det fleire kvinner enn menn som gjekk ut av arbeidslivet i 2009, noko som er motsett utvikling i høve til resten av landet.

At Møre og Romsdal er det største sjømatfylket i landet er kjent, men at talet på heilårsfiskarar nesten har blitt halvert på 15 år visste du kanskje ikkje?

Statistikken viser òg at talet på vinnings- og valdslovbrot aukar i fylket, medan det er ein nedgang i talet på melde narkotikalovbrot.

Dette var berre nokre få smakebitar, men ønskjer du å lese meir kan du laste ned heile publikasjonen her. (pdf)

eller lese Fylkesstatistikk som e-Publikasjon (elektronisk versjon) her

Kontakperson: Fylkesplansjef Ole Helge Haugen, tlf 71 25 82 80 / Mob. 996 28 055

Dokument

Fylkesstatistikk 2010
PDF-dokument - 5,84 MB