Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Plan og analyse > Statistikk og analyser > Nyheiter statistikk og analyser > Vedvarande forskjell mellom kvinner og menns inntekt og karriereval

Kontaktpersonar

Ingunn Bekken Sjåholm Ingunn Bekken Sjåholm
Ass.fylkesplansjef
71 28 02 46 /
Mob. +4790746923
Send e-post

Vedvarande forskjell mellom kvinner og menns inntekt og karriereval

Statistisk sentralbyrå publiserer kvart år sin likestillingsindeks. Fleire av dei faktorane som blir målt viser seg å vere svært stabile over tid. Det gjeld særleg lønn og karriereval på vidaregåande skole. 

Møre og Romsdal låg i 2015 under landsgjennomsnittet på 9 av dei 12 indikatorane for likestilling. Dei forholda der fylket kommer godt ut er delen barn som går i barnehage og delen fedrar som tar ut heile fedrekvota eller meir.

Hovudutfordringa for likestillingsarbeidet i Møre og Romsdal er, ifølge likestillingsindeksen, at vi har ein klart kjønnsdelt arbeidsmarknad. Det er eit tydelig kjønnsskille i jobbval, arbeidstid og lønn. I tillegg er spriket mellom utdanningsnivåa til menn og kvinner større i fylket enn landsgjennomsnittet. 

Lenke til kommunekart:
Zoom inn på kartet og sjå dei kommunane som skårar høgt og lavt på likestilling innan tema som blant anna arbeid, utdanning, inntekt og leiarar. (kjelde: SSB)