Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Utviklingstrekk i Møre og Romsdal

Utviklingstrekk i Møre og Romsdal er laga for å ha oppdatert, tilrettelagt og lett tilgjengeleg informasjon om utviklingstrekk på utvalde samfunnsområde i Møre og Romsdal.

 

Omslag utviklingstrekk 2015

Rapporten er meint som eit kunnskapsgrunnlag for arbeidet med planstrategiar både i Møre og Romsdal fylkeskommune og for kommunane i fylket.

I planstrategien skal fylkeskommunen og kommunane drøfte strategiske vegval knytte til samfunnsutviklinga. Slike vegval kan ein ikkje gjere utan å ha ei felles oppfatning av utviklingstrekk, utfordringar og utviklingsmoglegheiter på viktige samfunnsområde.

Ambisjonen er at Utviklingstrekk i Møre og Romsdal kan tene som faktagrunnlag for desse prioriteringane.

Andre publikasjonar frå Møre og Romsdal fylkeskommune som RISS, TEMP, SPOR, Fylkesstatistikk og kommunestatistikk vil vere viktige supplement til dette dokumentet. Med utgangspunkt i identifiserte utfordringar og moglegheiter skal arbeidet med planstrategiar avklare kva som skal vere prioriterte planoppgåver for perioden 2016-2020 for å få den ønska samfunnsutviklinga både regionalt og lokalt i Møre og Romsdal.

 

Kontaktpersonar

Ole Helge Haugen Ole Helge Haugen
Fylkesplansjef
71 28 02 44 /
Mob. +4799628055
Send e-post
Ingunn Bekken Sjåholm Ingunn Bekken Sjåholm
Ass.fylkesplansjef
71 28 02 46 /
Mob. +4790746923
Send e-post

Dokument

Regionale utviklingstrekk 2012
PDF-dokument - 4,87 MB