Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Regional- og næringsutvikling

Regional- og næringsutvikling

Møre og Romsdal fylkeskommune har det regionalpolitiske ansvaret for samfunnsutviklinga i Møre og Romsdal. Regional- og næringsavdelinga skal vere ein aktiv og tydeleg medspelar i arbeidet med å sikre berekraftig vekst, verdiskaping, nyetablering, forsking og utvikling, attraktive og dynamiske lokalsamfunn. Arbeidet er forankra i i Fylkesplan og Handlingsprogram Verdiskaping. Avdelinga forvaltar 150 mill kroner årleg til utviklingsretta tiltak.


Alt klart for nettverkssamling hoppi.no

Alt er no klart til samlinga i Ulsteinvik for hoppid.no nettverket 28.-29. februar. Hugs påmeldingsfristen 10. februar!

Les meir

Kvar er Noregs mest attraktive stad?

Statens pris for attraktiv stad skal delast ut for første gang i juni 2012. Alle kan kome med forslag til kva som er Noregs mest attraktive stad. Møre og Romsdal fylkeskommune vil oppfordre alle kommunar og innbyggjarar å foreslå stader i Møre og Romsdal. 

Les meir

Samråd i Ålesund om ny Stortingsmelding

Tysdag 31. januar blir det samrådsmøte i Ålesund om Noreg som verdas fremste sjømatnasjon. Fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen inviterer til debatt.

Les meir

Pilotsatsing ber frukter

Reiselivspiloten Romsdalseggen er ein av to vandrefilmar som er plukka ut for å marknadsføre aktivitetsferiar i Norge. Det er Innovasjon Norge og Fjord Norge som står bak kampanjen der vandring i norsk natur, skal lokke fleire turistar til den norske fjellheimen.

Les meir

Får nasjonalt ansvar for overvaking av fjellskred

Åknes/Tafjord IKS beredskap på Stranda vert no nasjonalt, statleg senter for fjellskredovervaking. Eit viktig mål er nådd.

Les meir

Meir lokalmat på menyen?

Fylkesmannen og Kompetansenavet på Mære arrangerer 15.-16. februar MRmat 2012. Kunnskap og inspirasjon til produsentar og bedrifter som ynskjer meir lokalmat på menyen.

Les meir

Reiselivskonferansen 2012: programkomiteen løftar på sløret

Planlegging av Reiselivskonferansen 2012 er i rute. – Vi lover både framtidsperspektiv, frisk debatt og skråblikk på reiselivet, seier Lillian Sæther Sørheim i programkomiteen.

Les meir

Ønskjer forslag på kandidatar til Årets Bedrift 2011

Kven fortener utmerkinga “Fylkesprisen Årets Bedrift 2011”? Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer alle til å sende inn forslag innan 1. februar.

Les meir

Tre nye næringshagar inn i nytt næringshageprogram

Føniks næringshage i Vestnes, Bølgen næringshage i Kristiansund og Aura næringshage i Sunndal og Nesset får tilbod om å delta i det nye næringshageprogrammet. - Viktige utviklingsmiljø, seier regional- og næringssjef, Bergljot Landstad.

Les meir

Lyser ut 8 mill. i forskingsmidlar

Regionalt forskningsfond Midt-Norge (RFFMIDT) lyser ut 8 mill. kr. til forskingsbasert innovasjon i offentleg sektor. Kommunane spelar ei sentral rolle i prosjekta og må vere merksame på desse midlane.

Les meir

Kontaktpersonar

Bergljot Landstad Bergljot Landstad
Regional- og næringssjef
Tlf. 71 25 81 71 /
Mob. 900 89 213
Send e-post
Frank Madsøy
Ass. Regional- og næringssjef
Tlf. 71 25 81 91 /
Mob. 971 71 493
Send e-post

Handlingsprogram Verdiskaping 2011

Notisar