Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Regional- og næringsutvikling

Regional- og næringsutvikling

Møre og Romsdal fylkeskommune har det regionalpolitiske ansvaret for samfunnsutviklinga i Møre og Romsdal. Regional- og næringsavdelinga skal vere ein aktiv og tydeleg medspelar i arbeidet med å sikre berekraftig vekst, verdiskaping, nyetablering, forsking og utvikling, attraktive og dynamiske lokalsamfunn. Arbeidet er forankra i i Fylkesplan og Handlingsprogram Verdiskaping. Avdelinga forvaltar 150 mill kroner årleg til utviklingsretta tiltak.


Foreslår å løyve 1,5 mill. til Nesset

Prosjektet “Nesset som vekstkommune” er inne i sitt tredje år. Møre og Romsdal fylkeskommune foreslår å løyve kr. 1,5 mill. til prosjektet. Regional- og næringsutvalet skal behandle saka onsdag 25. april.

Les meir

Støtte til “I e frening i”

Møre og Romsdal fylkeskommune foreslår å løyve inntil kr. 300 000 til Fræna kommune og prosjektet “I e frening i”.

Les meir

Friske forslag i Geiranger

Reiselivskonferansen 2012 i Geiranger kan summerast opp som to vellukka dagar med påfyll av nye idear og spenstige forslag for dei om lag 130 deltakarane.

Les meir

Reiselivsprisen 2012 til MoldeJazz!

Molde Internasjonale Jazzfestival er vinnar av årets Reiselivspris. “Denne bedriften fyller kategorien kreativ og nyskapende så det holder”, heiter det mellom anna i grunngjevinga.

Les meir

Framsynt samling i Sogndal

Dei regionale foresightprosessane i Møre og Romsdal var tema under landsdelssamlinga i LUK (Lokal samfunnsutvikling i kommunane) i Sogndal i mars. Både Hordaland og Sogn og Fjordane ønskjer no komme på besøk for å lære meir.

Les meir

Duka for Reiselivskonferansen 2012

Reiselivskonferansen 12. og 13. april er den viktigaste møteplassen for reiselivsbransjen. – Vi er stolte av å invitere til to dagar med høgaktuelle og inspirerande foredrag, seier rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune, Lillian Sæther Sørheim.

Les meir

Aalesund International School tek inn elevar

Aalesund International School har fått godkjenning Utdanningsdirektoratet til å drive undervisning. No tek dei inn elevar og førebur seg på skulestart til hausten.

Les meir

Eit lite stykke Europa

Rundt 50 personar hadde funne vegen til Rica Seilet i Molde og konferansen Vindu mot Europa. Korleis drive internasjonalt arbeid i både stor og liten skala?

Les meir

Stor interesse for Møteplass Møre og Romsdal

Med 231 gjestar vart “Møteplass Møre og Romsdal” arrangert i Gamle Logen i Oslo onsdagkveld. Her fekk reiselivsnæringa presentert eit breitt spekter av det dei har å by kurs- og konferansemarknaden av aktivitets- og opplevingstilbod i fylket.

Les meir

Konsekvensutgreiing for Luva

Statoil har lagt fram forslag til konsekvensutgreiing for Luva. Møre og Romsdal fylkeskommune foreslår mellom anna ein overordna plan for forsyning av strøm til heile feltet, og ei synleggjering av dei samfunnsmessige konsekvensane ved val av lokalisering av støtteverksemd. Saka vart behandla i Regional- og næringsutvalet i går 6. mars.

Les meir

Kontaktpersonar

Bergljot Landstad Bergljot Landstad
Regional- og næringssjef
71 25 81 71 /
Mob. 900 89 213
Send e-post
Frank Madsøy
Ass. Regional- og næringssjef
71 25 81 91 /
Mob. 971 71 493
Send e-post

Handlingsprogram Verdiskaping 2012