Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Regional- og næringsutvikling

Regional- og næringsutvikling

Saman om å styrke gründeraktiviteten

For å halde trykket oppe på innovasjon og nyskaping, arrangerte Møre og Romsdal fylkeskommune nettverkssamling og arbeidsverkstad for innovasjonsmiljøa i fylket. 

Les meir

Testsite for småskala vindkraft i gang på Smøla

Nasjonalt Vindenergisenter AS har ferdigstilt første fase på ein testsite for småskala vindkraft. Den første turbinen er no oppe og produserer 5 kw i timen i friskt haustver. Hovudmålet for prosjektet er å mogleggjere testing og validering av småskala vindkraft under norske ver- og vindforhold. 

Les meir

2,3 mill. kr til kystsoneplanlegging og tiltak i lakseoppdrettsnæringa

Fylkespolitikarane støtta tiltak for å stimulere til verdiskaping og betre berekraft i oppdrettsnæringa.

Les meir

Hurtigladestasjonar i heile fylket!

Ingen innbyggjarar i Møre og Romsdal bur no meir enn fem mil frå ein ladar. Måla for ladestasjon-strategien er nådd!

Les meir

Åndalsnes skal bli endå vakrare

Fylkespolitikarane har løyvd nær 7 millionar kroner til sentrumsutvikling i Åndalsnes. Så godt som heile sentrum blir no fornya.

Les meir

Møre og Romsdal kan bli matregion

Møre og Romsdal på det internasjonale kjøkkenkartet? Ved å gå unorske vegar, våge å tenke som sør-europearane, kan det være mogleg

Les meir

Har du ein god kandidat til Miljøprisen 2016?

Miljøprisen skal tildelast for særleg verdfullt arbeid innafor områda biomangfald, berekraftig utvikling, klima, forureining og alternativ og fornybar energi.

Les meir

Møte i regional- og næringsutvalet

Måndag 24. og 25. oktober er det møte i regional- og næringsutvalet. Tilskot frå Marint miljøsikrings- og verdiskapingsfond og bruk av næringsretta midlar til regional utvikling er blant sakene utvalet skal behandle. Utvalet vil også få ei statusrapportering for reiselivsnæringa og ei orientering om tiltak i kommunane som er råka av oljenedturen.

Les meir

Stor interesse for seminar om taredyrking

Kan tange- og taredyrking kan bli ei stor næring for Møre og Romsdal fylke? Ja, svara Sintef til ei fullstappa seminarforsamling i Kristiansund.

Les meir

Algefeber i Møre og Romsdal

Tang og tare kan bli ei ny, stor næring for Møre og Romsdal. Det viser ein fersk rapport som Sintef har utarbeidd på oppdrag frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Les meir

Kontaktpersonar

Bergljot Landstad Bergljot Landstad
Regional- og næringssjef
71 28 02 13 /
Mob. 900 89 213
Send e-post
Ragna Brenne Bjerkeset
Ass. regional- og næringssjef
71 28 03 55 /
Mob. 952 52 352
Send e-post

Om regional- og næringsavdelinga

Vi arbeider for at Møre og Romsdal skal ha vekstkraftige lokalsamfunn med urbane kvalitetar, og eit internasjonalt konkurransedyktig næringsliv. Det gjer vi ved å legge til rette for nyetableringar og innovasjon i næringslivet. Vi arbeider for gode rammevilkår og støttar kommunane sitt arbeid med nærings- og samfunnsutvikling. Vi styrker innovasjonsmiljøa og fremmer internasjonalt samarbeid. Regional- og næringsavdelinga forvaltar omlag 150 mill. kroner årleg. Av den totale ramma vert det sett av midlar til kommunale næringsfond. Fylkeskommunen nyttar Innovasjon Norge til å forvalte midlar til bedriftsretta satsingar.

Søknad og rapportering regionale utviklingsmidlar

FoI-strategi for Møre og Romsdal

Handlingsprogram kompetanse og verdiskaping 2017

Differensiert arbeidsgivaravgift og distriktspolitisk virkeområde 2014