Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Regional- og næringsutvikling

Regional- og næringsutvikling

Møte i regional- og næringsutvalet

Tysdag 6. september er det møte i regional- og næringsutvalet. Midlar til omstilling i næringslivet, støtte til utviklingsprosjekt for den marine ingrediensindustrien og felles cruisestrategi for Vestlandet er blant sakene utvalet skal behandle. 

Les meir

EU-program finansierer innovasjon

Kva moglegheiter finst i EUs forskings- og innovasjonsprogram Horisont 2020 for bedrifter i Møre og Romsdal? Torsdag 15. september blir det gratis seminar i Ålesund.

Les meir

Sterk Møre og Romsdal-delegasjon til ONS

Møre og Romsdal stiller mannsterke på årets oljemesse i Stavanger. – Det har aldri vore så viktig som no å synast på denne arenaen, seier fylkesordørar Jon Aasen.

Les meir

Friske midlar til omstilling

Det blir no lyst ut ekstra forskingsmidlar til omstilling for små og mellomstore bedrifter og næringsnettverk i Møre og Romsdal. For å komme raskt i gang med omstilling, blir behandlingsprosessen enklare. 

Les meir

Nominert til årets beste stand

Møre og Romsdal fylkeskommune sin stand "Salte dagar" på fiskerimessa NorFishing er nominert til årets beste stand. 

Les meir

Profilerer Møre og Romsdal på verdas leiande fiskerimesse

Det er tiande gongen Møre og Romsdal fylkeskommune går i bresjen for ein felles stand for næringa på fiskerimessa Nor-Fishing. I år byr vi på vatn for salte dagar og tørre struper og løysingar kring fiskeprotein og smart bearbeiding.

Les meir

Konferanse skal sjå på status for laks og sjøaure

I september blir det arrangert ein konferanse i regi av Norges Jeger- og Fiskerforbund Møre og Romsdal. Tema for konferansen er «Laks og sjøørret i lokal forvaltning – status, utfordringer og løsninger». Fylkeskommunen har gjeve støtte til konferansen gjennom Marint miljøsiktrings- og verdiskapingsfond.

Les meir

Ny strategi skal møte utfordringane til næringslivet

Møre og Romsdal er inne i ei tid med omstilling. For å møte utfordringane som næringslivet står overfor, har fylkeskommunen saman med representantar frå næringslivet og akademia, utarbeidd ein forskings- og innovasjonsstrategi.

Les meir

Jazzgasskonferansen 2016

Ein felles europeisk marknad for kraft, gassen si rolle i det grøne skiftet, omstilling, tillit og omdømme var tema for dei nær 100 deltakarane på årets Jazzgasskonferanse i dag.

Les meir

Ny prøveordning for norsk lakse- og aure oppdrett

Bremnes- modellen er eit tilbod om auka fleksibilitet for betre utnytting av eksisterande produksjonskapasitet. Dette er ei prøveordning i norsk lakse- og aureoppdrett, og oppdrettarar som ønskjer å nytte seg av tilbodet må søkje innan 1. september i år. Prøveordninga varer i tre år, fram til 31.12.2019.

Les meir

Kontaktpersonar

Bergljot Landstad Bergljot Landstad
Regional- og næringssjef
71 28 02 13 /
Mob. 900 89 213
Send e-post
Ragna Brenne Bjerkeset
Ass. regional- og næringssjef
71 28 03 55 /
Mob. 952 52 352
Send e-post

Om regional- og næringsavdelinga

Vi arbeider for at Møre og Romsdal skal ha vekstkraftige lokalsamfunn med urbane kvalitetar, og eit internasjonalt konkurransedyktig næringsliv. Det gjer vi ved å legge til rette for nyetableringar og innovasjon i næringslivet. Vi arbeider for gode rammevilkår og støttar kommunane sitt arbeid med nærings- og samfunnsutvikling. Vi styrker innovasjonsmiljøa og fremmer internasjonalt samarbeid. Regional- og næringsavdelinga forvaltar omlag 150 mill. kroner årleg. Av den totale ramma vert det sett av midlar til kommunale næringsfond. Fylkeskommunen nyttar Innovasjon Norge til å forvalte midlar til bedriftsretta satsingar.

Søknad og rapportering regionale utviklingsmidlar

FoI-strategi for Møre og Romsdal

Handlingsprogram kompetanse og verdiskaping 2017

Differensiert arbeidsgivaravgift og distriktspolitisk virkeområde 2014