Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Regional- og næringsutvikling

Regional- og næringsutvikling

Reiselivskonferansen 2010 - ei populær konferanse

I overkant av 100 deltakarar var samla på Møre og Romsdal Reiseliv sin årlege reiselivskonferanse i Kristiansund  23. og 24. mars.

Les meir

Heidra som Årets Bedrift

Under opninga av fylkestinget måndag vart Fylkesprisen for Årets Bedrift 2009 overrekt SafeRoad AS i Ørsta, ein leverandør av produkt til trafikktrygging.

Les meir

Nor-Fishing 2010 - Fellesstand for Møre og Romsdal

Møre og Romsdal fylkeskommune vil for sjette gong arrangere fellesstand for kommuner og bedrifter i Møre og Romsdal, på fiskerimessa Nor-Fishing i Trondeim, 17. – 20. august 2010.

Les meir

Kystsel

Fylkeskommunane føretek fordeling av kvotene på aktør/jaktlagsnivå ut frå det som gir ein mest mulig effektiv hausting og størst verdiskaping. Fylkeskommune gir etter søknad løyve til seljakt innan dei fastsette områdekvotene.

Les meir

Skolekvoter

Skolekvoter vert tildelt skolar som tilbyr opplæring i Grunnkurs naturbruk og vidaregåande kurs 1, Fiske og fangst. Hovudtanken bak skolekvotene er at skolane skal kunne disponere eit kvantum fisk som er tilstrekkelig til å gjennomføre ei tilfredsstillande undervisning. Intensjonen med skolekvoter er ikkje å medverke til skolens økonomiske situasjon eller til å finansiere innkjøp av fartøy.

Les meir

Kartlegging og marknadsføring av Møre og Romsdal som aktivitets- og opplevingsfylke sommaren 2010

Møre og Romsdal som aktivitets- og opplevingsfylke vert tema i neste nummer av fylkesmagasinet SPOR. I samband med dette ønskjer vi å kartlegge flest muleg av dei ulike aktivitetar og opplevingar som vert tilbydd av små og store aktørar i Møre og Romsdal.

Les meir

Utviklingsbygda - pris til det mest aktive bygdesamfunnet i Møre og Romsdal

Fylkestinget vil i juni dele ut ein pris til  det mest aktive og kreative bygdesamfunnet i fylket. - Vi vil heidre det frivillige arbeidet som vert lagt ned for å skape næringsutvikling, busetnad og trivsel på bygdene våre, seier landbruksdirektør Anne Berit Løset, og ber om forslag til kandidatar til Utviklingsbygda 2010. 

Les meir

Erfaringskonferanse Move to MoRe

Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer til erfaringskonferansen "Med entusiasme skapar vi attraktivitet" onsdag 05. og torsdag 06. mai i Geiranger.

Les meir

Nye oppgåver for fylkeskommunen (vassregionmyndigheit):

Vassregionmyndigheiten har ansvaret for å koordinere arbeidet med å gjennomføre oppgåvene som følgjer av vassdirektivet i jamfør dei kvalitetskrav og tidsfristar som er angitt. Det inneber blant anna å følgje opp dei myndigheiter som har oppgåver i tilknyting til forskrifta, gi rammer og veiledning for planarbeidet, og samanstille dei ulike bidraga  

Les meir

Nye oppgåver for fylkeskommunen:

Utøve myndigheit som har vore delegert til fylkesmannen etter Forskrift av 1. februar 2007 om jakt- og fangsttider o.a. § 3, nr. 1 a, c og d. Dette omfattar myndigheit jamfør jakt på artane elg, hjort, kanadagås og stripegås
·

Les meir

Kontaktpersonar

Bergljot Landstad Bergljot Landstad
Regional- og næringssjef
71 28 02 13 /
Mob. 900 89 213
Send e-post
Ragna Brenne Bjerkeset
Ass. regional- og næringssjef
71 28 03 55 /
Mob. 952 52 352
Send e-post

Om regional- og næringsavdelinga

Vi arbeider for at Møre og Romsdal skal ha vekstkraftige lokalsamfunn med urbane kvalitetar, og eit internasjonalt konkurransedyktig næringsliv. Det gjer vi ved å legge til rette for nyetableringar og innovasjon i næringslivet. Vi arbeider for gode rammevilkår og støttar kommunane sitt arbeid med nærings- og samfunnsutvikling. Vi styrker innovasjonsmiljøa og fremmer internasjonalt samarbeid. Regional- og næringsavdelinga forvaltar omlag 150 mill. kroner årleg. Av den totale ramma vert det sett av midlar til kommunale næringsfond. Fylkeskommunen nyttar Innovasjon Norge til å forvalte midlar til bedriftsretta satsingar.

Søknad og rapportering regionale utviklingsmidlar

FoI-strategi for Møre og Romsdal

Handlingsprogram kompetanse og verdiskaping 2017

Differensiert arbeidsgivaravgift og distriktspolitisk virkeområde 2014