Inntil 40 millionar til forsking i Midt-Norge
Den 1. september lyser Regionalt forskningsfond Midt-Norge ut forskingsmidlar på inntil 40 millionar kroner. Midlane skal nyttast til forskings- og utviklingsprosjekt i Møre og Romsdal, Sør- og Nord Trøndelag. Målet er å styrke forsking, innovasjon og utvikling i regionen.
- I samband med utlysinga inviterer vi no til opne informasjonsmøte i dei tre fylka i denne veka, seier styreleiar i Regionalt forskningsfond Midt-Norge Bergljot Landstad. Ho fortel at det allereie er knytt stor interesse til fonda, både frå bedrifter, offentlig sektor og forskingsmiljøa i regionen. I overkant av 100 personar har meldt seg på informasjonsmøta til no, og det er klare signal på at fleire vil kome, så interessa for fondet er stort.
- Det er viktig for oss å kome ut å formidle kva fondet kan bidra med, kva krav vi stiller, og fortelle om dei unike muligheitene dette gir regionen, seier Landstad vidare.
Spennande satsingsområde
Fondet skal prioritere FOU-utfordringar og problemstillingar som i størst muleg grad er regionsspesifikke, og det er valt ut seks tema i 2010 som er unike og relevante for Midt-Norge. Desse er:
- Marin sektor (Bærekraftig produksjon av laks og Marin bioprospektering)
- Maritim sektor (Kystlogistikk og Forbedrede produksjonsprosesser)
- Fornybar energi og miljøteknologi (Offshore vindkraft, Botnfaste vindturbinar til sjøs, Vassrenseteknologi og Maritime framdriftssystem)
- Verdikjede mat, blå sektor (Produktutvikling, sal og distribusjon, Mattryggleik og forbrukarorientering)
- Verdikjede mat, grøn sektor (Produktutvikling, sal og distribusjon, Kortreist mat og økologisk produksjon)
- Forskingsdrevet innovasjon i offentlig sektor (Folkehelse og Samarbeid og organisering i helse- og omsorgssektoren)
Det er muleg å søkje forprosjektmidlar innan alle satsingsområda. Vidare er Regionale bedriftsprosjekt innan Marin sektor, Maritim sektor, Fornybar energi og miljøteknologi og Verdikjede Mat prioritert. For å styrke samarbeid mellom forskingsinstitusjonane og relevante bedrifter i regionen, vert det og lyst ut midlar til eit institusjonsprosjekt innan Offshore vind og et prosjekt om Forskingsbehov i offentlig sektor.
- Med utlysing 1. september, og søknadsfrist 13. oktober, er det viktig at aktuelle søkjarar får eit godt grunnlag til å skrive gode prosjektsøknader. Dette vil derfor vere eit av tema på informasjonsmøta denne veka. I tillegg til å gå grundigare inn på dei ulike tema, vil vi gå igjennom både forskingskrav til prosjekta og krav til søknadane, seier Landstad, som er veldig tilfreds med påmeldinga til informasjonsmøta -Med så mange interesserte, har vi tru på at vi får inn mange spennande prosjektsøknader som kan vere med å utvikle vår region, avsluttar Landstad.
Oppdatert: 30.08.10
