Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Marint miljøsikrings- og verdiskapingsfond

I samband med tildeling av konsesjonar for laks og aure i 2009, fekk fylkeskommunane 21 mill. kroner i frie midlar. Fylkestinget i Møre og Romsdal vedtok og opprette eit Marint miljøsikrings- og verdiskapingsfond med desse midlane.

Fondet er tenkt brukt til:

  • FoU-basert nyskaping i havbruksnæringa med fokus på Regjeringas fem berekraftselement (areal, utslepp/forureining, fôrressursar, sjukdom/parasittar og rømming/genetisk påverknad)
  • Revidering av kystsoneplanar
  • Støtte til tiltak som er viktige for vill-fiske interessene, og på den måten å betre sameksistensen mellom havbruk og villfisk.

Brukarar/søkjarar kan være:

  • Kommunar i Møre og Romsdal
  • Bedrifter som har næringsverksemd i Møre og Romsdal
  • Næringsorganisasjonar for havbruks- og villfiskinteresser
  • FoU-institusjonar

Tiltak/prosjekt som vert støtta skal være forankra i Møre og Romsdal.

Møre og Romsdal fylkeskommune oppretta Marint miljøsikrings- og verdiskapingsfond fordi ein ønskjer å legge til rette for å vidareutvikle havbruksnæringa og støtte opp om villfisk interessene i fylket. I høve EØS-regelverket vel fylkeskommunen ikkje å gje støtte til prosjekt som vert vurdert som direkte bedriftsstøtte.
Midlar frå fondet vert lyst ut 1. mars med søknadsfrist 1. september kvart år.

Contacts

Arve Slettvåg Arve Slettvåg
Rådgivar akvakultur
71 25 80 55 /
Mob. 975 39 265
Send e-mail

Utlysing 2013 - Marint miljøsikrings- og verdiskapingsfond

Møre og Romsdal fylkeskommune lyser no ut fondsmidlar frå Marint miljøsikrings- og verdiskapingsfond. Søknadsfristen er 1. september 2013.