Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Høyring Vesentlege vassforvaltningsspørsmål

Dokumentet "Vesentlege vassforvaltningsspørsmål" handlar om hovudutfordringane for vassmiljøet i regionen. Dokumentet er no lagt ut på høyring.

Verna område på Smøla etter orkanen "Dagmar". Vesentlege vassforvaltningsspørsmål omhandlar vassmiljøet i fylket vårt. Foto: Olav Inge Edvardsen

På vegne av Vassregionutvalet i Møre og Romsdal så sender Møre og Romsdal fylkeskommune dokumentet "Vesentlege vassforvaltningsspørsmål" ut på høyring.

Dokumentet omhandlar dei største hovudutfordringane for vassmiljøet i Møre og Romsdal vassregion. Dokumentet og informasjon finn ein også på www.vannportalen.no/moreogromsdal

Høyringsperioden er frå 1. juli - 31. desember 2012. Høyringsfråsegn sendast enten til post@mrfylke.no eller til Møre og Romsdal fylkeskommune, Fylkeshuset, 6404 Molde. Merk fråsegna med "Fråsegn Vesentlege vassforvaltningsspørsmål Vassregion Møre og Romsdal".

Kontaktpersonar

Tormod B Bugge Meisingset Tormod B Bugge Meisingset
Rådgivar Naturforvaltning
71 25 80 24 /
Mob. 976 00 257
Send e-post