Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Regional- og næringsutvikling > Internasjonalt arbeid > Internasjonal konferanse om intermodale strategiar

Internasjonal konferanse om intermodale strategiar

Sist veke invitererte South East of Scotland Transport Partnership (SEStran) saman med the Transport Research Institute (TRI) til ein internasjonal konferanse om intermodale strategiar for å integrere hamner med omlandet deira.

Konferansen fann stad i Edinburgh 21.-22. oktober i regi av Dryportprosjektet, saman med Northern Maritime University (NMU) og the Motorways of the Seas Strategic Demonstration Project (StratMoS).

Tema for konferansen var forholdet mellom ulike typar innlandsterminalar og hamnene dei jobbar under. Deltakarar frå både næringsliv, offentleg verksemd og akademia fekk presentert ny utvikling og best practice frå ulike område i Europa, samt frå Sør-Aust Asia, Sør-Amerika, India og Afrika.
 
 Møre og Romsdal fylkeskommune deltok gjennom StratMoS, kor vi koordinerer eit av demonstrasjonsprosjekta. Vår samarbeidspartner, Kristiansund og Nordmøre Havn IKS deltok med Jan Erik Netter, som heldt eit fordrag på vegne av StratMoS og det nyetablerte Interregprosjektet Food Port. Temaet for foredraget hans var korleis ein kan knytte dei ulike prosjekta saman for å oppnå meirverdi og styrke utviklinga i regionane. For Møre og Romsdal er dette eit viktig poeng, då ulike partnerar både internasjonalt og nasjonalt jobbar med prosjekt som er relevante for vår regionale utvikling. Med eit sterkare nettverk på tvers av desse prosjekta vil vi kunne nyte godt av fordelane med å tenke stort trass i at vi er små i internasjonal samanheng.
 
 For meir informasjon om konferansen, sjå: www.dryport-conference.tri-napier.org
 For meir informasjon om NMU, der mellom anna Høgskolen i Molde er partner, sjå: www.nm-uni.eu
 For meir informasjon om StratMoS, sjå: www.stratmos.no
 For meir informasjon om Food Port, sjå: http://northsearegion.eu/ivb/projects/details/&tid=129
 

Kontaktpersonar

Eigunn Stav Sætre Eigunn Stav Sætre
Internasjonal koordinator
71 25 81 89
Send e-post