Inviterer til dialog om internasjonalt arbeid
Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer til konferansen “Vindu mot Europa” tysdag 6. mars. – Vi treng dialog om felles utfordringar og kva som går føre seg av internasjonalt arbeid, seier internasjonal koordinator Anita Steinbru.
"Vindu mot Europa" konferansen tek opp internasjonale spørsmål i kommunane, Europa og andre delar av verda. Illustrasjon: FreeDigitalPhotos.net.
Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer å skape ein årleg møteplass for dialog, erfaringsutveksling og inspirasjon i internasjonaliseringsarbeidet. Konferansen “Vindu mot Europa” tysdag 6. mars er nettopp ein slik møteplass.
Klikk her for påmelding og program.
-Kvifor treng vi ein internasjonal dag med kommunane?
-Vi treng å vite meir om det internasjonale arbeidet i kommunane, og kommunane vil ha nytte av å vite meir om kva fylkeskommunen gjer og kva andre kommunar gjer. Det er behov for oppdatert kunnskap om internasjonale spørsmål i Europa og andre delar av verda og om mogelege prosjektsamarbeid for å løyse våre felles utfordringar, seier Steinbru.
Kva er dei konkrete utfordringane kommunane våre har?
-Noreg er eit land som rettar seg utover, og vi er i stor grad påverka av utviklinga i EU. Vi er omfatta av 3/4 av regelverket i EU og dette vedkjem alle sektorane i samfunnet. Noreg og EU har samanfallande mål på mange områder.
-Fylkeskommunen og kommunane har felles utfordringar i forhold til ungdom og oppvekstvilkår både som skuleeigarar og som ansvarlig for oppvekst- og kulturtilbodet for unge. Det er eit mål å få opp fleire prosjekt her i fylket i EU-programmet Aktiv ungdom. Dette er eit lavterskelprogram for utveksling av ungdom og leiaropplæring for ungdomsorganisasjonar, seier Steinbru.
-Kommunane er dessutan viktige samarbeidspartar i fylkeskommunens førebyggande helsearbeid, som mellom anna er viktig med omsyn til demografiske utfordringar som eldrebølgja, i arbeidet for entreprenørskap og innovasjon og i energi- og klimaspørsmål. Dette er også viktige innsatsområder i EU.
Korleis kan fylkeskommunen støtte kommunane i det internasjonale arbeidet?
-Her ønskjer vi dialog med kommunane om korleis vi gjensidig kan støtte kvarandre i det internasjonale arbeidet. Vi må vite meir om kommunanes internasjonale arbeid for å kunne utvikle vår støtterolle i forhold til dei. Vi ønskjer å bygge opp vår kompetanse på fylkesnivået som informasjonskanal, støtte til initiering og søking på prosjekt og program, og konkret prosjektsamarbeid, seier Steinbru.
Oppdatert: 17.02.12