Kreativ workshop for ungdom
I slutten av november, var vel 20 delkarar samla i Molde til ein workshop for ungdom. Workshopen var eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune, Aktiv Ungdom og Bufdir. Målet med workshopen var å gi ungdom informasjon om korleis ein kan starte prosjekt Ungdomsinitiativ.
Dagen starta med ein presentasjon om kva eit Ungdomsinitiativ er, og kva muligheiter ein har gjennom Aktiv Ungdom. Til inspirasjon fekk deltakarane sjå ein film laga av ungdom, om kva eit Ungdomsinitiativ kan vere.
Det vart arbeida i grupper med idemyldring for å få fram eigne prosjekt. Gruppearbeida tok utgangspunkt i kva ungdommane sjølv saknar og har lyst til å sette i gong, og det kom fram fleire gode forslag til lokale ungdomsprosjekt.
Dei kreative ungdomane kom fram med gode prosjektidear, og nokre av dei som truleg vert til ein reell søknad var: gateavis; kombinert skate/isbane; ungdomshus drive av ungdom; temaarrangement for ungdom; workshops for foto; bygging av mørkerom; skatekonkurranse; oppussing av ungdomshus; musikkarrangement; malekurs; skatekurs; øvingslokale og ungdomskafé.
Ungdomane arbeida og med å sette opp ein plan for korleis dei skulle gå fram for å kome vidare med prosjektideane sine. Grunntanken er at prosjekta skal startast opp av ungdom, for ungdom, og gjennomførast av ungdom. Då er det berre og sjå kva ungdomsinitiativ som blir levande i fylket vårt!
Oppdatert: 07.12.10
