Om internasjonalt arbeid
Internasjonalt arbeid er definert som eit gjennomgåande perspektiv i fylkesplanen. Med basis i denne har fylkeskommunen utvikla ein strategi for internasjonale saker, der det grunnleggande prinsippet er at internasjonalt arbeid skal vere eit middel for å nå dei måla vi har sett oss som regional utviklingsaktør.
Internasjonalt arbeid kan i denne samanhengen seias å være samarbeid og utveksling av idear og kunnskap på tvers av nasjonale landegrensar. Det internasjonale arbeidet i fylkeskommunen inneber deltaking i internasjonale prosjekt, medlemskap i organisasjonar, samt deltaking i møtefora og nettverk, der vi samarbeider om felles utfordingar og løysninger med andre regioner frå ulike land.
Møre og Romsdal er eit fylke rikt på ressursar, og eit næringsliv og ei offentleg verksemd med breid internasjonal kontaktflate. Møre og Romsdal fylkeskommune er aktiv på den internasjonale arenaen på mange område. I tråd med både nasjonal og europeisk politikk skjer ein stor del av det internasjonale samarbeidet på regions- og fylkesnivå.