Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Miljø

Natur- og kulturlandskapet i Møre og Romsdal er ein viktig ressurs for regional utvikling, og ein viktig faktor og ramme for sysselsetting, verdiskaping, busetnad og rekreasjon. Ein berekraftig arealpolitikk som tek omsyn til naturmangfaldet vil vere eit viktig verkemiddel for vidare utvikling i fylket. Økonomisk vekst er ein av dei viktigaste drivarane for areal- og energibruk. Alle avgjersler om lokalisering og utforming av næringsverksemd, bustader og infrastruktur vil påverke natur, energiforbruk og utslepp i lang tid framover.

Klimaendringane vil setje samfunnet vårt på prøve, og det er viktig at vi både førebur oss på endringane og gjer vårt beste for å redusere omfanget av dei. Derfor har Noreg som mål å bli karbonnøytralt innan 2030. For å nå dette målet må alle bidra til eit endra forbruksmønster.