Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Næringsutvikling

Vi arbeider for at Møre og Romsdal skal ha eit internasjonalt konkurransedyktig næringsliv. Vi skal ha eit fleksibelt utdanningssystem som møter utfordringane i arbeidslivet og fører til verdiskaping, nytenking og inkludering. 

Kva kan vi hjelpe med?

Fylkeskommunen er ein medspelar i utviklinga av næringslivet. Vi arbeider med tilrettelegging, det betyr tiltak som kjem næringsmiljø eller bransjane til gode. Dette kan vere tiltak som den enkelte bedrifta ikkje har moglegheit til å sette i gang aleine. 

Vi kan tilby:

  • Rådgiving/sparring-partnar i tidleg fase dersom du har ein idé til eit utviklingsprosjekt som vil komme næringsmiljø eller bransjar til gode
  • Rådgiving til planlegging, organisering, innhald og framdrift av utviklingsprosjekt
  • Rettleiing til å komme i gang med forskings- eller innovasjonsprosjekt
  • Rettleiing til nasjonale eller internasjonale støtteordningar
  • Rettleiing til å komme i gang med EU-prosjekt og finne EU-midlar
  • Fagmøte, seminar, kurs og konferansar
  • Økonomisk støtte (sjå eige menypunkt)

Har du ein idé til eit prosjekt eller tiltak? Ta kontakt med ein av våre rådgivarar.

Støtte til enkeltbedrifter

Grunderar og enkeltbedrifter kan ta kontakt med:

  • etablerartenesta hoppid.no for alt du treng å vite i samband med etablering av bedrift. 
  • Innovasjon Norge for kommersialisering og internasjonalisering. Innovasjon Norge mottek årleg overføringar frå fylkeskommunen som skal gå til direkte bedriftsretta støtte. 

Kontaktpersonar

Bergljot Landstad Bergljot Landstad
Regional- og næringssjef
71 28 02 13 /
Mob. 900 89 213
Send e-post
Ragna Brenne Bjerkeset
Ass. regional- og næringssjef
71 28 03 55 /
Mob. 952 52 352
Send e-post