145, 5 millionar kroner til Handlingsprogram Verdiskaping 2010
Vårt framtidsbilete for verdiskaping i fylket er at Møre og Romsdal har eit attraktivt, internasjonalt og nyskapande næringsliv, og ein utviklingsorientert offentleg sektor, som saman medverkar til berekraftig utvikling gjennom større breidde i arbeidslivet og livskraftige lokalsamfunn.
Eit av dei viktigaste verktøya i det strategisk styringsdokument Handlingsprogram for VERDISKAPING i Møre og Romsdal, er ”Tilskot til fylkeskommunar for regional utvikling” på statsbudsjettet. Frå denne posten er det i 2010 vel 131,25 mill. kr til disposisjon i Møre og Romsdal, dette inneber ei auke på 10,55 mill.kr. eller 8,7%. 50,4 % av dette går til Innovasjon Norge for bedriftsretta tiltak, 32,6 % blir i fylkeskommunen for tilretteleggande tiltak, og 17 % går til kommunale næringsfond. Midlane, med unntak av dei som går til kommunane, er fordelt i handlingsplanen for 2010, saman med andre typer midlar partane rår over, på bakgrunn av resultatmåla i Handlingsprogram Verdiskaping.
Handlingsprogram Verdiskaping er utarbeida i samarbeid med partnarskapet for Verdiskaping ( NHO. LO, NAV, KS, Innovasjon Norge og Møre og Romsdal fylke – politisk og administrativt).
I handlingsplanen for 2010 er det sett opp 14 resultatmål, desse måla er lagt til grunn for disponering av midlane og dei innsatsområda handlingsplanen skal støtte opp om.
Regionalpolitiske utfordringar
Nærings- og miljøutvalet har saman med partnerskapet drøfta dei regionalpolitiske utfordringane med bakgrunn i mellom anna konjunkturbarometeret TEMP (2009). Konklusjonar frå drøftinga:
Den viktigaste kampen for Møre og Romsdal er kampen om dei gode hovuda. Ein hovudkonklusjon er derfor at vi må styrke kompetansemiljøa i fylket.
Arbeidsledigheita i Møre og Romsdal stabiliserte seg hausten 2009 med ei ledigheit på 2,3%, men ein må rekne med ein auke på opp i mot 3% i 2010. For å møte nokre av utfordringane har mellom anna NAV etablert fem marknadskontaktar som skal arbeide mot næringslivet. Tiltak som bedriftsintern opplæring kan vere med å sikre at kompetansen vert i fylket.
Med om lag 22 000 tilsette er den Maritime klynga sterk i Møre og Romsdal, og det er viktig å sikre at dei også har denne posisjonen framover. Vi må arbeide for at den maritime klynga har gode rammevilkår, og vere med å legge til rette for at den maritime industrien framleis kan vere leiande på både på teknologi og leveringsdyktigheit. Tilgang på kompetanse vil for den maritime industrien vere avgjerande i åra som kjem, og vi må bidra til at det vert lagt til rette for kompetansebygging og rekruttering til denne industrien allereie frå vidaregåande skole.
Entreprenørskapsprogrammet hoppid.no har resultert i optimisme på nyetableringar, dette må vidareførast og vi må i sterkare grad legge til rette for kulturbasert næringsutvikling fylket.
Møre og Romsdal må ha som målsetting å vere det største matfylket også i åra som kjem, og vi må sikre eit sterkt fokus på fiskeri og landbruk. Kompetanseheving, utvikling, rekruttering og møteplassar innan landbruket er viktig. Vi bør undersøke om det er muleg å hente klyngegevinstar innan landbruket.
Det er ønskjeleg at Møre og Romsdal fylke skal vere pådrivar for å få opp eit statleg investeringsprogram for fornying av kystflåten. Vi skal og vere pådrivarar for å få forutsigbare økonomiske rammer i offentleg sektor, og legge til rette for auka kunnskap om muligheiter som omstilling gir.
Analysen og utfordringane ligg til grunn for dei prioriterte innsatsane i Handlingsplan 2010 .
Oppdatert: 07.04.10