- Er skapt viktige samarbeidsarenaer for utvikling av fylket
Gjennom foresightanalyser og tilhøyrande tiltak samhandlar kommunane, organisasjonane og næringslivet i Møre og Romsdal no betre og oftare enn nokon gong før for å sikre rekruttering og tilflytting til fylket. Dette kjem fram i den nye rapporten "Living and working in Møre og Romsdal", som vart presentert i dag.
Frå venstre fylkesordførar Olav Bratland, prosjektleiar Kjersti Hasselø og fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik. Foto: Per Vidar Kjølmoen/Møre og Romsdal fylkeskommune.
- Dei ulike samfunnsaktørane samarbeider som aldri før om effektive tiltak for å snu flyttestraumen, og ein har fått gjort mykje viktig analysearbeid, men konkrete resultat er eit langsiktig prosjekt, seier Kjersti Hasselø, som måndag kunne leggje fram rapporten som er knytt til det treårige prosjektet 'Move to More'.
- Vi har fått ei heilt anna merksemd kring dei store frå- og tilflyttingsutfordringane som Møre og Romsdal står framfor, seier Hasselø, som i rapporten kan vise til ei heil rekkje tiltak som er sett i verk:
- Pilotane “Sunnmøre i framtida” og “Nordmøre og Romsdal - sammen om framtida”
- Arbeidskraftsundersøking Innflyttarkontor i Kristiansund, Molde, Ålesund og Rauma
- Felles bu- og arbeidsmarknad i Surnadal, Halsa og Rindal
- Herøyløftet
- Integrerings og rekrutteringsprosjektet i Aure kommune
- Websida www.movetomore.no
- Nytt studietilbod i vatn og avløp ved Høgskolen i Ålesund
- Samarbeid med Nordveggen AS i Rauma
- Prosjektet “Stopp pendlarstraumen” i Kristiansund
- “Love the Valley” og prosjektet “Møteplassen”
- Aalesund International School
Eit av dei viktige tiltaka i Move toMoRe har vore å sette i gang to regionale utviklingsprosessar for å skape ein arena for samarbeid mellom alle lokale samfunnsaktørar: Gjennom “Sunnmøre i framtida” og “Nordmøre og Romsdal – sammen om framtida” vil dei som bur i regionane definere utfordringane og sjølv finne tiltaka som skal iverksetjast for å sikre ei positiv og heilskapleg utvikling i regionane. Arbeidet i dei to regionale utviklingsprosjekta vil fortsette i 2-3 år til.
Rapporten
Rapporten Living and working in Møre og Romsdal gjer greie for bakgrunnen og målsetjinga med prosjektet, gjennomføring og resultat, økonomisk oversikt samt vegen vidare.
Møre og Romsdal fylkeskommune består av 36 kommunar, og det er svært viktig at vi går frå 'vi og dei' til 'vi', understrekar Hasselø, som trur nærare samarbeid omkring desse utfordringane er det som skal til for at ein skal nærme seg det beste framtidige scenariet for fylket.
Oppdatert: 11.04.11