Forsking dei neste fire åra
Fylkeskommunane Møre og Romsdal, Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag har gjennom eit felles bestillingsbrev til Regionalt forskningsfond Midt-Norge, lagt føringar på kva det skal forskast på dei neste fire åra.
Hopp til innhold Hopp til hovedmeny
Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Regional- og næringsutvikling > Næringsutvikling > Forsking og utvikling
Kunnskap og innovative løysingar er nøkkelen til å utvikle regionen og styrke vår konkurransekraft. Vi har som mål å auke forskingsbasert innovasjon både i næringsliv og offentlege verksemder, og byggje slik kompetanse i eigen region. Skal vi lukkast med dette, må samspelet mellom næringsliv, offentleg sektor og FoU-miljø styrkast. Vi arbeider med utvikling av høgskole- og forskingsmiljøa i fylket gjennom både strategisk samhandling og økonomiske verkemidlar.
Verkemiddel for Regional utvikling og Innovasjon (VRI) er Forskingsrådet si satsing på å mobilisere til forskingsdriven innovasjon i norske regionar, i partnarskap med fylkeskommunane. VRI Møre og Romsdal er ei tverrfagleg innovasjonssatsing med fokusområde maritim og marin næringsklynge.
Møre og Romsdal høyrer til Regionalt forskningsfond Midt-Norge saman med dei to Trøndelagsfylka. Fondet lyser årleg ut midlar som går til dei beste forskingsprosjekta i bedrifter, offentleg verksemd og FoU-institusjonar i regione.
Fylkeskommunane Møre og Romsdal, Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag har gjennom eit felles bestillingsbrev til Regionalt forskningsfond Midt-Norge, lagt føringar på kva det skal forskast på dei neste fire åra.
Regionale forskingsfond Midt-Norge har tildelt 22,3 mill. kroner til ulike forskingsprosjekt i Midt-Noreg. Fleire av prosjekta høyrer heime i Møre og Romsdal.
Regionalt forskningsfond Midt-Norge (RFFMIDT) lyser ut 8 mill. kr. til forskingsbasert innovasjon i offentleg sektor. Kommunane spelar ei sentral rolle i prosjekta og må vere merksame på desse midlane.
Møre og Romsdal fylkeskommune har utarbeidd ein strategi for forsking og utvikling i Møre og Romsdal. Strategien vart vedteke på Fylkestinget 13. desember 2011.
I forbindelse med utlysning av inntil 24 millioner kroner i forskningsmidler arrangerer Regionalt forskningsfond Midt-Norge fire informasjonsmøter i regionen. Påmeldingsskjema finner du nederst på siden.
Haustens utlysning av forskingsmidlar frå Regionalt forskingsfond Midt-Norge er no publisert på nettsidene til RFF Midt-Norge.
Regionalt forskningsfond Midt-Norge innvilga før helga støtte til 41 forskingsprosjekt, med samla støttebeløp i overkant av 42 millionar kroner.
I samband med fylkestingssamlinga i Geiranger 11-13 oktober, arrangerte Møre og Romsdal fylkeskommune ein temadag om forsking.
I samband med utlysinga av inntil 40 millionar kroner til forsking og utvikling i Midt- Norge, møtte vel 280 personar opp på dei fire informasjonsmøta som vart arrangert sist veke.
Den 1. september lyser Regionalt forskningsfond Midt-Norge ut forskingsmidlar på inntil 40 millionar kroner. Midlane skal nyttast til forskings- og utviklingsprosjekt i Møre og Romsdal, Sør- og Nord Trøndelag. Målet er å styrke forsking, innovasjon og utvikling i regionen.