Foredraga frå Reiselivskonferansen 2013
Her kan du lese foredraga frå Reiselivskonferansen 2013
Hopp til innhold Hopp til hovedmeny
Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Regional- og næringsutvikling > Næringsutvikling > Reiseliv
Reiseliv er av Møre og Romsdal fylkeskommune utpeikt som satsingsområde. Dette inneber at fylkeskommunen har eit aktiv og tett samarbeid med reiselivsnæringa. I tillegg til utviklingsoppgåver retta mot reiselivsnæringa har fylkeskommunen og sekretariatsfunksjonen for Møre og Romsdal Reiseliv. Fylkeskommunen leiar og det fireårige programmet - Reiselivsprogrammet 2006-2010.
Her kan du lese foredraga frå Reiselivskonferansen 2013
Årets Reiselivspris går til 62°Nord! Selskapet har gjennom langsiktig og bevisst satsing bidratt til å posisjonere Møre og Romsdal sterkt som attraktivt reisemål, skriv juryen i si grunngjeving. – Dette er ei anerkjenning vi set svært stor pris på, seier Terje Devold i 62°Nord.
Møre og Romsdal som aktivitets- og opplevingsfylke vert tema i neste nummer av fylkesmagasinet SPOR som kjem ut i juni. I samband med dette ønskjer vi å kartlegge flest muleg av dei ulike aktivitetar og opplevingar som vert tilbydd av små og store aktørar i Møre og Romsdal.
Regional- og næringsutvalet løyver 1,5 mill. kroner til marknadsføring av Møre og Romsdal som reisemål i den nederlandske marknaden. Dette skjer i samband med den nye flyruta mellom Amsterdam og Ålesund.
Programmet for Reiselivskonferansen 2013 er no klart. Det blir to dagar med fagleg påfyll og inspirasjon. Ingebrigt Steen Jensen, Mikael Forselius og gründer og villmann Didrick Ose er blant dei som kjem til Ålesund 18. og 19. april.
Det er no opna for påmelding til Reiselivskonferansen 2013. Konferansen finn stad på Quality Hotel Waterfront i Ålesund torsdag og fredag 18. og 19. april.
Direkte flyruter til fylket er svært viktig for reiselivsbedriftene, og Møre og Romsdal fylkeskommune har ved nokre høve gitt tilskot til marknadsføring. EØS-regelverket rundt offentlege tilskot er komplisert, og det er no utarbeidd nye retningslinjer for framtidige prosjekt.
Møre og Romsdal Reiseliv inviterer no alle til å sende inn forslag på aktuelle kandidatar til Årets Reiselivspris. Formålet med prisen er å synleggjere reiselivsnæringa og kva den betyr for Møre og Romsdal.
Reiselivskonferansen i Møre og Romsdal, bransjens viktigaste møteplass, blir i år arrangert 18. og 19. april på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Kva triggar reislysten? Kva er godt kjøkken i dagens reiseliv? Programkomiteen freistar med interessante foredrag i toppklasse.
Regional- og næringsutvalet løyvde i går, tysdag 13. november, reiselivsmidlar på kr. 3.429.000. Midlane fordeler seg på tre nettverksprosjekt som alle byggjer opp under visjonen om Møre og Romsdal som aktivitets- og opplevingsfylke nr 1 i Noreg.
er ein paraplyorganisasjon for dei fire destinasjonsselskapa vi har her i fylket. Det er ingen tilsette i Møre og Romsdal Reiseliv. Arbeidsoppgåvene blir utført av tilsette ved regional- og næringsavdelinga i fylkeskommunen. Møre og Romsdal Reiseliv har eit eige styre som består av representantar frå destinasjonsselskapa, Møre og Romsdal Fylkesbåtar og Møre og Romsdal fylkeskommune.
er ei fireårig satsing i regi av Møre og Romsdal fylkeskommune.
Programmet er utvikla i samarbeid med reiselivsaktørar, destinasjonsselskapa, Innovasjon Norge og kommunane i Møre og Romsdal. Programmet kan du lese meir om her.