Pilotsatsing ber frukter
Reiselivspiloten Romsdalseggen er ein av to vandrefilmar som er plukka ut for å marknadsføre aktivitetsferiar i Norge. Det er Innovasjon Norge og Fjord Norge som står bak kampanjen der vandring i norsk natur, skal lokke fleire turistar til den norske fjellheimen.
-At filmen frå Romsdalseggen er valt ut til å marknadsføre vandreturar i Norge er eit godt kvalitetsstempel . Det viser også at vi gjennom pilotsatsinga i Reiselivsprogrammet har vore med å bygge opp gode og attraktive produktpakkar, seier rådgivar Lillian Sæther Sørheim.
Saman med prosjekta «Aktivitetar i Hjørundfjorden», «Nordic Walking» i Geiranger var
«Romsdalseggen» i Rauma utpeikt til pilot i Reiselivsprogrammet (2006-2010). Målet med pilotsatsinga var å hjelpe dei utvalde verksemdene til produktutvikling og kompetansebygging. Dei tre pilotane fekk inntil 500.000 kroner per år i to år frå Innovasjon Norge, i tillegg til rådgjeving av Børre Berglund som leia Reiselivsprogrammet sitt delprosjekt «Produktutvikling og pakking», avsluttar Sørheim.
Filmen frå Romsdalseggen kan du sjå her:
http://www.visitnorway.com/en/Where-to-go/Fjord-Norway/Molde-Romsdal/What-to-do-in-Molde-and-Romsdal/Video-Hiking-in-the-Romsdalseggen-Ridge/
Oppdatert: 20.01.12
