Reiselivskonferansen 2012: programkomiteen løftar på sløret
Planlegging av Reiselivskonferansen 2012 er i rute. – Vi lover både framtidsperspektiv, frisk debatt og skråblikk på reiselivet, seier Lillian Sæther Sørheim i programkomiteen.
Rådgivar på Regional- og næringsavdelinga, Lillian Sæther Sørheim, sit i programkomiteen for Reiselivskonferansen 2012. Ho lover eit breidt og framtidsretta program.
Tradisjonen tro arrangerer Møre og Romsdal Reiseliv også i 2012 Reiselivskonferansen i Møre og Romsdal. Konferansen blir 12. og 13. april i Geiranger, på Hotel Union.
Framtidsretta program
Det endelige programmet vil vere på plass i veke 8, men programkomiteen kan allereie no røpe nokre av foredragshaldarane. Poul Erik Jacobsen frå PEJ Group i Danmark skal snakke om trendar i reiselivet. Linda Eide skal snakke om Norske Attraksjoner og Kaia Finne skal snakke om NCE Tourism Fjord Norway.
- I tillegg vil Sigrid Oterholm frå Innovasjon Norge snakke om statistikk og treffsikker marknadsføring og opplevingsutvikling, og Trond Blindheim frå Markedshøyskolen skal gi oss skråblikk på reiselivet, seier Sørheim.
- Den nasjonale reiselivsstrategien som blir klar på nyåret, vil også få sin plass i programmet, og vi jobbar med fleire spennande programinnslag, seier ho.
Ein frisk paneldebatt med involvering av heile salen og rykte fortel om ein særdeles spenstig lunsj den første dagen.
Om kvelden blir det festmiddag og utdeling av Årets Reiselivspris.
- Gled dykk, og sett av datoane 12. og 13. april allereie no, seier Sørheim.
Programkomiteen:
Tore Haldorsen, tlf. 70 26 30 05
Cathrin Åkre, tlf. 70 26 30 99
Jan Sverre Sivertsen, tlf. 71 19 14 10
Lillian Sæther Sørheim, tlf. 71 25 81 96
Oppdatert: 06.01.12