Sellafield-anlegget må avviklast.
På årsmøtet til Møre og Romsdal Reiseliv den 22. mars, vart det vedteke å sende ein uttale til miljøvernvernministeren og til media, med oppmoding om sterkare påtrykk for å få redusert aktivitet, og på sikt avvikling av Sellafield-anlegget.
Uttalen frå årsmøtet i Møre og Romsdal Reiseliv, 22. mars:
Sellafield-anlegget har lenge vore ein stor risiko for radioaktiv forureining i norske farvatn.
Ei ulukke ved Sellafield-anlegget i England vil kunne få svært alvorlege konsekvenser for Norge.
Det har tidlegare vore alvorlege, radioaktive utslepp frå reprosesseringsanlegget Sellafield -anlegget i Cumbria på kysten av Irskesjøen.
Dei siste dagars hendingar ved atomkrafteverka i Japan aktualiserer på nytt arbeidet med å få sikra Selleafield-anlegget, og aller helst få lagt dette ned.
Bellona peikar på at risikoen for ulukker er stor i Sellafield-anlegget der flytande, høgradioaktivt avfall som treng konstant avkjøling for å unngå eksplosjon, blir lagra.
Det blir frå Bellona si side vist til ein rapport frå januar i år frå Statens Strålevern. Denne rapporten gir prognose på konsekvensane ved ei ulykke på Sellafield som er sju gonger større enn Tsjernobyl for vårt land.
Reiselivet i Møre og Romsdal er gjort kjent med at Vestlandsrådet no engasjerer seg på nytt i denne saka.
Møre og Romsdal Reiseliv ser det som positivt med eit samla Vestland i ei så viktig sak for landsdelen, særleg med tanke på landbruk, fiskeri og matproduksjon i vår del av landet, og dermed grunnlaget for eit aktivt reiseliv.
Jfr. Også samarbeidet i Fjord-Norge.
Vestlandfylka er spesielt utsette ved evnt. utslepp/ulukker ved Sellafield – anlegget.
Møre og Romsdal Reiseliv stiller seg bak eit langt sterkare påtrykk frå Norske styresmakter overfor den Britiske regjeringa med målsetting om redusert aktivitet ved Sellafield –anlegget, sterkare sikring av anlegget, og på sikt nedlegging.
Kontaktperson : Arne Aambakk, styreleiar Møre og Romsdal Reiseliv, 93 48 08 59
Oppdatert: 29.03.11