Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kontaktpersonar

Lisbeth Nervik
Fiskerirådgivar
71 28 02 15
Send e-post

1,5 mill. til sjøpølseforsking

Sjøpølse kan bli ei ny næring i Møre og Romsdal. Møreforsking får fylkeskommunal støtte for å finne ut meir om arten raudpølsa, som lever i våre farvatn.

Sjøpølsa er eitt av dei best betalte sjømatprodukta i verda og kan oppnå ein kilopris på 8-10 000 kroner. Asia og særleg Kina står for den største marknaden. Tørka sjøpølse er det foretrekte produktet, men ho vert også seld fersk, fryst eller bearbeida på anna måte. Sjøpølsa er rik på protein, vitamin og mineral og blir sett på som ei delikatesse med fleire positive helseeffektar.

I Noreg er sjøpølsa rapportert som bifangst under reke- og krepsefiske i fjordane. Av dei totalt 31 artane i norske farvatn er det brun sjøpølse og raudpølse som vert vurdert til å ha størst kommersiell interesse.

Raudpølsa langs norskekysten

Møreforsking Ålesund har søkt fylkeskommunen om midlar til eit prosjekt for å undersøke sesongvariasjonar i kvaliteten hos raudpølse. Forskingsinstitusjonen har i lengre tid forska på sjøpølsa og har tett kontakt med næringsaktørar. For å drive lønsamt fiske etter raudpølse i Noreg, skal Møreforsking gjennom dette prosjektet utarbeide prosedyrer for produksjon og finne ut meir om korleis kvaliteten på raudpølse endrar seg i løpet av året.

Potensiale for Møre og Romsdal

Regjeringa har ein visjon om at Noreg skal bli ein leiande sjømatnasjon. Dette skal skje ved å auke verdiskapinga gjennom fangst og oppdrett av nye marine artar, samt betre utnytting av bifangst og biprodukt frå norsk fiskerinæring.

-Møre og Romsdal eit stort sjømatfylke og fylkeskommunen er opptatt av å støtte marin nyskaping. Sjøpølse er i dag ein uutnytta ressurs i Noreg, men har potensiale til å verte ei ny næring som vil styrke vår posisjon som sjømatnasjon. Det er derfor positivt at næringsaktørar frå fylket i lag med forsking går i front for å utvikle sjømatprodukt av lite utnytta artar som raudpølse i dette tilfelle, seier fiskerirådgivar Lisbeth Nervik.

Prosjektet har ei kostnadsramme på 3 mill. kroner, der fylkeskommunen er søkt om halvparten. Den andre halvparten bidrar bedriftene med som eigeninnsats.

Regional- og næringsutvalet behandla saka tysdag 6. desember.

Her kan du lese heile saksframlegget.