Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Regional- og næringsutvikling > Nyheiter > 1,7 mill til nyskapande integreringsprosjekt

Kontaktpersonar

Runar Vestheim
Leiar av Regional- og Næringsutvalet
Mob. 911 77 724
Send e-post
Bergljot Landstad Bergljot Landstad
Regional- og næringssjef
71 28 02 13 /
Mob. 900 89 213
Send e-post

1,7 mill til nyskapande integreringsprosjekt

Fylkeskommunen foreslår å støtte ei rekke prosjekt som skal bidra til at fleire innvandrarar kjem seg ut i arbeid og blir integrert i samfunnet.

 - Vi inviterte kommunane til å tenke nytt om integrering, seier Eivind Ryste Vartdal, seksjonsleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Den 6. juni skal fylkespolitikarane fordele inntil 2 mill kroner til integreringstiltak.

- Felles for dei vi har foreslått å støtte, er at dei på ulike vis bidreg til at innvandrarar fullfører utdanning og får seg jobb, seier Eivind Ryste Vartdal, seksjonsleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Nytenking

Med auka innvandring er integrering blitt ei overordna prioritering i fylkesplanen. I mars vart det lyst ut midlar til nyskapande integreringsprosjekt. Kommunane vart invitert til å tenke nytt om integrering.

- Vi må gjere ein innsats for å få innvandrarar hurtig i arbeid slik at dei skal bli ein del av lokalsamfunnet dei bur i. Det er ein vinn-vinn situasjon for regionen og innvandrarane. Vi ønsker å støtte tiltak som har stor overføringsverdi og som kan settast i drift etter at prosjektet er ferdig, seier Ryste.

Voksenopplæring

Av prosjekta som har søkt om støtte, er desse foreslått innvilga:

500.000 kr til utdanningsavdelinga, Møre og Romsdal fylkeskommune, for ‘Forprosjekt vidaregåande opplæring TIP-fag’. Prosjektet vil utvikle ein ny opplæringsmodell som skal auke sjansane for at minoritetspråklege skal gjennomføre fagutdanning og få seg jobb.

148 000 kr til Molde vokseopplæringssenter for prosjektet ‘Skole på tvers’. I prosjektet skal elevar ved Molde voksenopplæringssenter ha timar og undervisning i lag med elevar på Molde vidaregåande skole, etter mål i læreplanen. Det skal bidra til å auke elevane sitt nettverk, kunnskap om vidaregåande skole, gi faglege utbytte og språkleg læring. Prosjektet skal bidra til at overgangen mellom voksenopplæringa og vidaregåande skole blir lettare.

400 000 til Haram kommune for prosjektet ‘Trene norsk knytt til det å gå på skule fagleg og sosialt’  Deltakarane skal trene på å gå på ungdomsskule, med spesialtilpassa språkopplæring. Målet er å få elevane til å fullføre ungdoms- og vidaregåande skole. 

299 000 kr til Ulstein kommune for prosjektet ‘Frivillig arbeid som arena for integrering og språktrening’. Målet er at innvandrarar skal få språktrening, arbeidspraksis og auka nettverk gjennom frivillige arbeid. Prosjektet kan gi uformelle vegar inn til jobb.

375 000 kr Halsa kommune for ‘VirVelVinn’. Halsa skal vere ein "integreringsinkubator" for innvandrarar. Dei vil sette i gang tiltak ; matchprogram, testbedrift, jobbmatch, testforening og heimebesøk.