Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kontaktpersonar

Runar Vestheim
Leiar av Regional- og Næringsutvalet
Mob. 911 77 724
Send e-post
Bergljot Landstad Bergljot Landstad
Regional- og næringssjef
71 28 02 13 /
Mob. 900 89 213
Send e-post

2,6 millionar til inkubatorstøtte

Møre og Romsdal fylkeskommune løyver til saman kr 2,6 mill. til inkubatorane ved kunnskapsparkane ProtoMore (tidlegare Molde Kunnskapspark) og ÅKP (Ålesund Kunnskapspark).

Testing av VR-briller i innovasjonslaben til ProtoMore kunnskapspark. Foto: Angela Hagen.

-Inkubatorane har ein viktig funksjon i å hjelpe gründarar og nyetablerte bedrifter i Møre og Romsdal til raskare utvikling og vekst, og å prøve ut nye verktøy for innovasjon. I ei tid med stort behov for omstilling, er dette arbeidet viktigare enn nokon gong, seier leiar for regional- og næringsutvalet, Runar Vestheim.

ProtoMore får kr 1,1 mill. i støtte, og ÅKP får kr 1,5 mill. Regional- og næringsutvalet behandla saka tysdag 6. juni.

Bygger sterkare innovasjonsmiljø

Begge kunnskapsparkane er med i den statlege inkubatorsatsinga og er finansiert av fylkeskommunane og Siva.

For å oppnå større effekt av innsatsen, vart det i 2016 gjort endringar i fordelingsstrukturen. Små inkubatormiljø vart oppmoda om å slå seg saman.  Dette inneber at SIV Inkubator i Surnadal nå er organisert som node under ProtoMore Kunnskapspark, og at drifta av industriinkubatorane i Ulstein og Haram er lagt inn under Ålesund Kunnskapspark. ProtoMore arbeider og i eit tettare samarbeid med utviklingsselskapet Nordveggen AS i Rauma.