Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Regional- og næringsutvikling > Nyheiter > 25 millionar til Molde, Ålesund og Kristiansund

Kontaktpersonar

Kjersti Hasselø Kjersti Hasselø
Rådgivar
71 28 03 48 /
Mob. 911 98 760
Send e-post

25 millionar til Molde, Ålesund og Kristiansund

Fylkespolitikarane vil forlenge 'Byen som regional motor' med fire år.

Byutviklingsfondet på 25 mill. kr skal gå til lokale tiltak i Kristiansund (på bildet), Molde og Ålesund. (Foto: Øivind Leren)

Tysdag 13. desember vedtok fylkestinget å bruke 25 millionar kroner på byutvikling i Ålesund, Kristiansund og Molde i 2017. I tillegg stemte dei ja til å forlenge byutviklingsprosjektet ‘Byen som regional motor’ med fire nye år.

Konkurransekraft

- By- og regionsutvikling er eit prioritert område i fylkesplanen dei komande åra, og dette vedtaket vil styrke regional utvikling i Møre og Romsdal. Skal fylket framstå som konkurransedyktig, må vi ha attraktive byar, seier prosjektleiar Kjersti Hasselø i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Samarbeid mellom byane

Dei fire siste åra har ‘Byen som regional motor’ lagt vekt på å utvikle eit godt samarbeid mellom byane og bygge ein felles læringsarena. Gehl Arcithects og PWC har vore innleigd som ekstern fagkompetanse. Prosjektet har støtta lokale tiltak med 16,4 mill. kr til analysar, utgreeiing og kortvarige stunts. Fylkeskommunen kan støtte tiltak opp mot femti prosent av totalsummen. Til samen har prosjektet utløyst 64 mill. kr til byutviklingsprosjekt frå kommunar og andre samarbeidspartar. I neste fase skal ei rekke tiltak realiserast.

- No skal byane gjennomføre tiltaka dei har utgreidd, og det kjem til å bli synlege endringar i bybildet, seier Hasselø.

Bymotor

Prosjektet vart rigga på eit bakteppe av netto utflytting, kvinneunderskot, aldrande befolkning og fallande fødselstal i Møre og Romsdal. Målet har vore å styrke konkurransekrafta til fylket og utvikle attraktive byar. Prosjektet ser byane som regionale nav, og at vekst i regionsenter bidrar til positiv utvikling i omlandskommunane. 

Døme på prosjekt som er planlagt og støtta gjennom BRM:

Molde:

Sjøfronten

Brunvollkvartalet

Idrettsparken

Det gyldne triangel

Kristiansund:

Karolines plass

Rådhusplassen

Gågatesystemet

Ålesund:

Gang- og sykkelvegutvikling

Gateterminal, Keiser Wilhelms gate

Campusområdet, med knutepunkt, uterom og trafikkløysingar

Byen som regional motor:

  • Målet er å utvikle byane og styrke regionane kring byane.
  • Samarbeid mellom Molde, Ålesund og Kristiansund kommune og fylkeskommunen
  • Lokale arbeidsgrupper utviklar eigne tiltak
  • Hovudfokus på bysentrum, samferdsel og utdanning/kompetansemiljø, med vekt på sentrumsutvikling
  • Ordførarar og rådmenn i fylkeskommunen og dei tre bykommunane sit i styringsgruppa.