Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Regional- og næringsutvikling > Nyheiter > 25 millionar til byutvikling i Molde, Kristiansund og Ålesund

Kontaktpersonar

Runar Vestheim
Leiar av Regional- og Næringsutvalet
Mob. 911 77 724
Send e-post
Bergljot Landstad Bergljot Landstad
Regional- og næringssjef
71 28 02 13 /
Mob. 900 89 213
Send e-post

25 millionar til byutvikling i Molde, Kristiansund og Ålesund

Fylkeskommunen har tildelt millionstøtte til sentrumsprosjekt som byrom, gang- og sykkelstiar og leik og aktivitet i byane.

Byane har fått millionstøtte til byutvikling.

Den 6. juni fordelte regional- og næringsutvalet 25 millionar kroner til konkrete prosjekt i Ålesund, Molde og Kristiansund. Midlane kjem frå Møre og Romsdal fylkeskommune sitt byutviklingsfond.

Utløyser utvikling

I byane er tildelinga positivt motteke. Ordførar i Kristiansund, Kjell Neergaard, meiner den er utløysande for ei rekke utviklingsprosjekt i byen.

- Tilskota har vore utløysande for å kunne bruke eigne ressursar i ein trong økonomisk situasjon, og no ser vi at effekten aukar. Kristiansund kommune har bevilga 5 mill. kroner til sentrumstiltak i 2017, og gjennom andre midlar, fylkeskommunens tilskot og private bidrag kan vi gjennomføre prosjekt til ein verdi av 25 mill. kroner i 2017-18, seier Neergaard.

Han påpeiker at det har vore til stor nytte å vere med i prosjektet «Byen som regional motor» dei siste åra.

- Vi har fått tilgang på verdsleiande kompetanse på arkitektur og samfunnsutvikling, og vi har opparbeida gode samarbeidsrelasjonar mot Molde og Ålesund og fylkeskommunen.

Synlege resultat

Prosjektleiar i Byen som regional motor, Kjersti Hasselø, seier at vi med denne tildelinga snart får sjå synlege resultat av satsinga.

- Byane har jobba mykje og lenge med planlegging og kompetanseheving. No har støtta auka, og vi ser at fleire av prosjekta er klare for realisering. Vi vil snart få synlege resultat, og vi gler oss, seier Hasselø.

Spleiselag

Tiltaka som skal realiserast skal vere eit spleiselag mellom Byen som regional motor, kommunen og private aktørar. 

Desse prosjekta har fått støtte:

Ålesund:

  • Kulturhamna: opparbeiding av sjøtrapper, kaier og uteareal
  • Gang- og sykkeltiltak - snarvegprosjektet : Rehabilitere viktige trappegater, stiar og snarvegar i sentrum og sentrumsnære område, med mellom anna betre sikring med lys og rekkverk.
  • Gang- og sykkeltiltak – skiltprosjekt: Synleggjere etablerte gang- og sykkelforbindelsar gjennom god skilting. Det er planlagd å sette i gang eit skiltprosjekt hausten 201
  • Gang- og sykkelstrategi – moglegheitsstudier og utgreiingar: Behov for fleire konkrete utgreiingar knytt til gang- og sykkelstrategi. Tre-årig prosjekt som skal auke bruken av gang- og sykkelvegane.
  • Byrom – oppfølging av byromskartlegging: Tiltak for å styrke byen sine sentral byrom. Tilskot til fysiske investeringar

SUM: 9 450 000 kroner

Molde:

  • Aktivitetsområde for eigenorganisert aktivitet, Molde Idrettspark: Uteområde på austsida av Idrettens Hus, som skal leggje til rette for eigenorganisert aktivitet, blant anna skatepark.
  • Område for leik og aktivitet, Sjøfronten 1: Utbygging av Torget når medfinansiering er på plass. Det vil bli tilrettelagt for funksjonshemma, barn og ungdom. Leik og aktivitet skal prege den sentrale delen av Torget.
  • Planlegging og prosjektering av Sjøfronten 2:Utviklingsprosjektet Brunvollkvartalet – Elvemoloen (Sjøfronten 2) er under bygging, men det er behov for utvikling av betre løysingar for kollektivtrafikk, hurtigbåtkaia og andre trafikale løysingar.
  • Kartlegging og analyse av ferdsel i « Det gyldne triangel»:Utvikle gode kommunikasjonsliner mellom sentrum, Molde Storsenter, Roseby og Molde Idrettspark. Legge til rette for trygg ferdsel. Behov for å eit omfattande kartleggings- og analysearbeid og ei prosjektstilling.
  • Informasjonsformidling:Informere innbyggjarar om byutviklingsarbeidet. Synleggjering både digitalt og på aktuelle lokasjonar. Etablere lavterskelplattformer for gjensidig informasjonsutveksling mellom kommunen og innbyggjarane.

SUM: 8 160 000 kroner

Kristiansund:

  • Sentrum 17 : Opprusting av Rådhusplassen, Gågata og Carolines Plass. Støtte går til fysiske investeringar, prosjektleiar, konsulentarbeid, prosjektering og gatebruksplan.
  • Sykkel i by: Tilrettelegge for syklande i Kristiansund sentrum. Fokus på hovudsykkelveg frå Goma gjennom Vågen til sentrum.
  • Kulturutvikling: Utgreiing om eigne kunstverk i det offentlege rom, kartleggje historikk og bakgrunn, og planlegging av nye installasjonar og kunst i byen. Etablere eit permanent kulturtilbod til ungdom i det gamle biblioteket.
  • Devoldholmen: Mulighetsstude for å finne ut om nye Campus Kristiansund kan byggast på Devoldholmen, med arkitektkonkurranse som parallelloppdrag.
  • Vågen kulturområde:Støtte til utvikling av Kranaskjæret i Vågen, trygg ferdsel for gåande og syklane i området.

SUM: 7 390 000 kroner