Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kontaktpersonar

Birgit Aarønæs Birgit Aarønæs
Internasjonal koordinator/Kst. seksjonsleiar marin og miljø
71 28 03 53 /
Mob. 918 86 088
Send e-post

Aukar trykket på internasjonalt arbeid

Dei neste fire åra skal Møre og Romsdal samarbeide tettare med Europa. Fylkestinget har vedtatt internasjonal strategi for perioden 2017-2020. 

Politikkutvikling i EU har konsekvensar for rammevilkåra til vår region. Fylkeskommunen må halde seg orientert om dette og gi innspel for å påverke viktige saker. Her er det regional- og næringsutvalet som besøker Brüssel hausten 2016.

Fylkeskommunen meiner at samarbeid og erfaringsutveksling på tvers av landegrenser kan gi oss meir kunnskap og bidra til å utvikle nye og innovative løysingar. Dette bygger på erfaringar frå deltaking i fleire EU-prosjekt og EU-program i perioden 2013-2016. Ei breitt samansett faggruppe har no utarbeidd ein internasjonal strategi for Møre og Romsdal fylkeskommune for perioden 2017-2020. Strategien viser  korleis vi skal legge opp arbeidet og kva satsingsområde som skal prioriterast.

Forsterkar måla fylkesplanen

Fylkesplanen er den overordna planen for samfunnsutvikling i Møre og Romsdal. Hovudmålet for det internasjonale arbeidet er at det skal bidra til å oppnå måla i fylkesplanen. I dette arbeidet kan fylkeskommunen ta i bruk fleire verktøy:

  • Aktiv bruk av medlemskap i internasjonale organisasjonar
  • Deltaking i EU-/EØS-program og –prosjekt
  • Pådrivar i EU-nettverket Horisont 2020 Nordvest
  • Nytte medlemskapet i Vest-Norges Brusselkontor
  • Deltaking i internasjonale faglege nettverk og plattformer

Prioriterer samarbeid med Europa

Aktørar i Møre og Romsdal står overfor mange av dei same utfordringane som aktørar i andre europeiske land. Fylkeskommunen sitt internasjonale arbeid vil derfor prioritere europeisk samarbeid. Fylkeskommunen vil også vere ein aktiv pådrivar på område der vi gjennom EU-/EØS-program og finansieringsordningar kan finne fram til løysingar på felles utfordringar. Satsingsområda er:

  • Politikkpåverknad
  • Unge og utdanning
  • Klima, energi og samferdsel
  • Næringsutvikling og innovasjon
  • Samfunnsutvikling

Fylkestinget vedtok strategien 14. desember 2016.

Her kan du lese heile strategien: 

Her finn du andre fylkeskommunale planar og strategiar