Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kontaktpersonar

Birgit Aarønæs Birgit Aarønæs
Internasjonal koordinator/Kst. seksjonsleiar marin og miljø
71 28 03 53 /
Mob. 918 86 088
Send e-post

Brüsselkontoret skal opne dører

- Vi har mange felles utfordringar med EU. Dette må vi utnytte til betre samarbeid, og vi kan bistå, sa  Merete Mikkelsen frå Vest-Norsk Brüsselkontor. 

Merete Mikkelsen er dagleg leiar i Vest-Norges Brüsselkontor.

Med ein fersk internasjonal strategi på bordet, skal det internasjonale arbeidet i Møre og Romsdal styrkast. Vest-Norges Brüsselkontor, som fylket er medlem av, er eit viktig rediskap i det internasjonale arbeidet.

Felles utfordringar

Den 16. februar besøkte Merete Mikkelsen, dagleg leiar i Vest-Norges Brüsselkontor, faggruppa for internasjonalt arbeid i fylkeskommunen. Mykje ligg til rette for eit godt samarbeid med europeiske kommunar og regionar, meinte ho.

-  Det er dei same sakene som står på agendaeen i EU som her i regionen. Blå vekst, omstilling og innovasjon, integrering, digitalisering og sirkulærøkonomi er døme på felles utfordringar, sa Mikkelsen.

Skaffar partnerar

Mikkelsen orienterte om korleis fylkeskommunen kan bruke regionkontoret for å skaffe seg kunnskap, prosjektpartnarar og nettverk. 

- Fylkeskommunen er allereie aktiv på fleire områder og i ei rekke prosjekt, og Vest-Norges Brüsselkontor har mellom anna bidratt med partnersøk til EU-prosjekt.

Brüsselkontoret kan også brukast i det daglige arbeidet, for eksempel til å skaffe til veie kunnskap om politikk og gode lokale løysingar i Europa.

n

Faggruppa for internasjonalt arbeid i lag med Vest-Norsk Brüsselkontor, Merete Mikkelsen

 

Auke kompetansen

Faggruppa er ei tverrfagleg gruppe frå dei ulike avdelingane i fylkeskommune. Formålet er å dele erfaringar og auke kompetansen på det internasjonale arbeidet. Fleire i gruppa har delteke i utarbeiding av den internasjonale strategien.