Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kontaktpersonar

Ragna Brenne Bjerkeset
Ass. regional- og næringssjef
71 28 03 55 / Mob. 952 52 352
Send e-post

Digitalisering i praksis

Kva betyr eigentleg digitalisering? Korleis kan Big data, VR-teknologi eller maskinlæring brukast i kvardagen? Velkommen til konferansen «digitalisering i industriell praksis» i Molde 8. juni.

Arrangementskomiteen (frå venstre): Ragna Brenne Bjerkeset, Møre og Romsdal fylkeskommune; Arne Larsen, iKuben; Olav Gjerland, Sparebank 1 SMN; Hilde Aspås, iKuben; Finn Amundsen, Protomore kunnskapspark. 

-Vi ønskjer å folkeleggjere omgrepet digitalisering og vise fram den praktiske nytteverdien for både næringsliv og offentleg verksemder, seier ass. regional- og næringssjef i Møre og Romsdal fylkeskommune, Ragna Brenne Bjerkeset.

 Det er industriklynga iKuben, Protomore kunnskapspark, Møre og Romsdal fylkeskommune og Sparebank1 SMN arrangerer konferansen som går av stabelen i Molde torsdag 8. juni, på Scandic Seilet. Her kan du lese programmet og melde deg på.

-Hit kjem både regionale, nasjonale og internasjonale bedrifter og organisasjonar for å dele kunnskap og erfaringar frå eigne prosjekt, seier Bjerkeset. Fylkeskommunen arbeider for innovasjon og nyskaping, og Bjerkeset håpar foredraga kan så nokre frø hos bedrifter, grunderar og folk i offentlege verksemder.

Vinn utviklingsstøtte for kr 75 000

Som deltakar på konferansen kan du ta med deg ein idé eller prosjekt og delta i ein konkurranse. Du kan vinne ein workshop hos Protomore Innovasjonslab der du kan utvikle ideen vidare saman med ein ekspert frå Digital Norway. Samla verdi kr. 75 000. Konkurransen opnar 1. juni. Les meir om korleis du kan delta