Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Regional- og næringsutvikling > Nyheiter > Ei reiselivsnæring i vekst gir verdiskapingseffekt

Kontaktpersonar

Ragna Brenne Bjerkeset
Ass. regional- og næringssjef
71 28 03 55 / Mob. 952 52 352
Send e-post

Dokument

Ei reiselivsnæring i vekst gir verdiskapingseffekt

Tala peiker oppover for reiselivsnæringa i Møre og Romsdal. –Reiseliv er faktisk verdas største næring, den er i sterk vekst, og er forventa å vekse betydeleg framover, seier Ragna Brenne Bjerkeset, assisterande regional- og næringssjef i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Sundbåten i Kristiansund er populær både hos turistane og lokalbefolkninga. 

I Møre og Romsdal ligger næringa på 10. plass,  målt i verdiskaping (tal frå 2015). -I tillegg veks næringa raskare enn resten av næringslivet i regionen, fortel Bjerkeset.

Opplevingar gir størst vekst

Den delen av bransjen som leverer opplevingar, står bak det største vekstbidraget i fylket vårt. Dette er ein trend som er tydeleg også internasjonalt. –Her medverkar også offentlege kultursatsing ein god del, men aktivitetsleverandørar blir stadig viktigare, seier Bjerkeset.

Møre og Romsdal fylkeskommune og dei tre destinasjonsselskapa i fylket jobbar strategisk og operativt saman i organisasjonen Møre og Romsdal Reiseliv. Selskapet skal bidra til utvikling av ei lønnsam reiselivsnæring. Dei har bestilt analysen, som er finansert av Møre og Romsdal fylkeskommune og gjennomført av Menon Economics. Analysen tek for seg tal frå 2004 til 2015.

Gir effekt i mange bransjar

Forbruket til tilreisande og ringverknadene frå forbruket, er rekna til å bidra med 1 657 millionar kroner i verdiskaping i Møre og Romsdal i 2015. Effekten fordeler seg på mange bransjar som figuren nedanfor viser.

Bilde av  graf som viser ringverkander og verdiskaoing for reiselivsnæringa

Verdiskaping: verdien av all omsetning som bedriftene skaper, minus kostnader brukt på kjøp av varer og tenester. Nasjonalt blir verdiskapinga definert i BNP (brutto nasjonalprodukt). 
Ringverknadsanalysen: summerer opp tilreisande sitt forbruk i alle næringar.

Meir produktiv og solid

Veksten i verdiskapinga i reiselivsbransjen er større enn andre bransjar i fylket.  Det er god produktivitetsvekst og bedriftene har vorte meir solide. Talet på bedrifter med eigenkapitaldel over 30, viser ei jamn stiging dei siste 10 åra. –Dette til tross, bransjen er prega av lave driftsmarginar, og analysane viser store svingingar. Heilårsturisme og forlenging av sesongar, er utfordringar som bransjen tar på alvor, og jobbar både strategisk og operativt med, seier Bjerkeset.  Næringa er arbeidsintensiv, og i Møre og Romsdal stod reiselivsnæringa for fem prosent av talet på tilsette i næringslivet i fylket.

Reiselivet påverkar attraktiviteten

-Analysen viser at reiselivsnæringa gir viktige bidrag for utvikling av robuste samfunn i fylket vårt, seier Bjerkeset. Kort summert opp viser rapporten at reiselivsnæringa;

  • inneberer tenesteeksport frå regionen.
  • medverkar  til at det blir lettare å etablere seg for entreprenørar i verdikjedene knytt til reiseliv, og tenester knytt til hushald.
  • er heilt avgjerande for å oppretthalde tilbod av restaurantar, opplevingar, overnattingsbedrifter, taxi og langdistansetransport. Tenester som lokalbefolkninga nyttar godt av.
  • medverkar til ein meir dynamisk arbeidsmarknad, fleire unge arbeidstakarar og fleire barn. Noko som er positivt for sikring av barnehagar og skolar.
  • er med på å gi eit breitt tenestetilbod og aukar attraktiviteten for bustader. 
Bilde frå Aksla i Ålesund med utsikt over byen