Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Regional- og næringsutvikling > Nyheiter > Forskningsbasert innovasjon skal hjelpe bedrifter ut av oljeskyggen.

Kontaktpersonar

Øyvind Herse
Rådgivar
71 28 03 56 / Mob. 913 64 886
Send e-post

Forskningsbasert innovasjon skal hjelpe bedrifter ut av oljeskyggen.

Axbit, Alpa AS, Powder Tech, ÅKP og Oshaug Metall fekk 4 mill kroner av Regionalt Forskningsfond Midt Norge (RFF) til omstillingsprosjekt.

ÅKP fekk omstillingsmidlar til å utvikle eit virtuelt skip

Bedrifter i Møre og Romsdal som er ramma av redusert aktivitet i oljesektoren, får no støtte til å gjennomføre særskilte omstillingsprosjekt i lag med forskningsmiljø. Nyleg delte Regionalt Forskningsfond Midt Norge (RFF) ut fire mill kroner til Axbit, Oshaug Metall, ÅKP, Alpa AS og Powder Tech. Dette er midlar som er øyremerka utvikling av betre teknologiske løysingar som kan opne for nye marknader.

 – Prosjektmidlane som er retta mot petroleumsbaserte bedrifter og næringsnettverk i Møre og Romsdal, var tilgjengelege i haust og vil også vere det et stykke utover i 2017, seier Øyvind Herse rådgivar Møre og Romsdal fylkeskommune og kontaktperson i RFF Midt Norge.

Møre og Romsdal høyrer til Regionalt forskningsfond Midt-Norge saman med dei to Trøndelagsfylka, og deler årleg ut midlar til dei beste forskingsprosjekta i bedrifter, offentleg verksemd og FoU-institusjonar i regionen.

Bedriftsamarbeid

I Molde har Axbit fått støtte til å kjempe seg ut av oljedumpa gjennom forskning. I lag med Brunvoll, Axess og Møreforsking Molde er dei er i gang med et prosjekt som skal tilpasse og forbetre maskinlæring til å vurdere avbilda objekt. Det kan effektivisere kvalitetskontroll av industriproduksjon og standardisere tenester for integritetsstyring av olje- og gassinstallasjonar.

Virtuelt skip

Innovasjonsselskapet ÅKP i den maritime klynga fekk 795.000 kr frå fondet. Dei er i gang med eit prosjekt som skal ende i eit virtuelt skip basert på den digitale kompetansen som finst i ulike selskap og forskingsmiljø. I tillegg til ÅKP går dei maritime lokomotiva Vard, Ulstein og Rolls Royce Marine i bresjen samen med NTNU Ålesund. Etter kvart vil dei kople på underskogen av underleverandørar som kan gjere seg nytte av dette. 

- Auka kostnadsfokus og konkurrentane si evne til å kopiere vår teknologi, utfordrar den maritime næringa som frå før er pressa av redusert aktivitet i oljenæringa, seier prosjektleiar i ÅKP Jan Børre Rydningen. - Behovet for differensiering og samarbeid blir derfor stadig viktigare for at næringa skal behalde sin posisjon på den globale arenaen.

Et slikt virtuelt skip er unikt og vil være en viktig innovasjonsplattform som fleire av aktørane i klynga kan ha stor nytte av.

Rask behandling

Det er framleis midlar å søke på eit stykke utover i 2017.

- Mange bedrifter er utålmodige etter å kome i gang med omstillingsarbeidet. Derfor behandlar vi prosjektsøknadane kontinuerleg slik at bedriftene kan kome raskt i gang, sier Øyvind Herse.

Søknadsprosedyrene er ganske enkle. Eit krav er at prosjektet har eit tydeleg forskings- og innovasjonsinnhald, ein plan for gjennomføring og at bedrifta sjølv bidreg med eigeninnsats.