Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Regional- og næringsutvikling > Nyheiter > - Fotballen er den viktigaste leverandøren av lidenskap og fellesskap i Møre og Romsdal!

Kontaktpersonar

Kjersti Hasselø Kjersti Hasselø
Rådgivar
71 28 03 48 /
Mob. 911 98 760
Send e-post

- Fotballen er den viktigaste leverandøren av lidenskap og fellesskap i Møre og Romsdal!

Møt Ingebrigt Steen Jensen på BYSMART-foredrag om fotball i Molde, Kristiansund og Ålesund.

Ingebrigt Steen Jensen tek for seg fotballen som sosiologisk innsatsfaktor.

Det er sesongstart i fotballfylket, og BYSMART byr på foredrag om fotball ved Ingebrigt Steen Jensen på biblioteka i Ålesund, Kristiansund og Molde frå 18.-20 april. Tema er fotballen som samfunnsbyggar, identitetsmarkør og merkevare.

- Med tre fotballag i eliteserien, er Møre og Romsdal Noregs fotballfylke. Dette set fylket og byane våre på kartet og gjer oss stolte, seier Kjersti Hasselø, prosjektleiar av Byen som regional motor, som BYSMART er ein del av.

Steen Jensen startar i Molde 18. april, den 19. går turen til Kristiansund og den 20. er det foredrag i Ålesund.

Skaper fellesskap

Ingebrigt Steen Jensen peiker på korleis fotballen bind saman menneske på tvers av kjøn, alder og sosial status i eit rituelt fellesskap.

- Fotballen er eit språk utan ord og utløyser dei same behova og refleksane i Istanbul, Buenos Aires, St. Petersburg, Kinshasa, som i Møre og Romsdal. Den tilfredsstiller nokre heilt fundamentale ønske og behov som vi menneske alltid har hatt, som vi har i dag og vil ha i morgon. Derfor er det verdens suverent største idrett, seier Jensen om foredraget.

Fotballgal

Ingebrigt Steen Jensen er forfattar, rådgivar, tekstforfattar og fotballentusiast frå Bærum. Som styreformann i fotballklubben Stabæk bidrog han til at klubben gjekk frå plasseringa i fjerde divisjon til å bli ein av dei beste  i tippeligaen.

Steen Jensen han blant anna stått bak oppstarten av JBR og Dinamo reklamebyrå.

Han er også kjent for boka ‘Ona fyr’ frå 2002, som handlar om leiing, teknikkar for leiing og motivasjon. I boka ‘Steen i glasshus’  (2016) fortel han om forholdet til faren, forlagsmann og programleiar Brikt Jensen.

Bymotor

Arrangementet inngår i Bysmart, ein foredragsserie i dei tre store byane. Dette er eit samarbeid mellom bybiblioteka, fylkesbiblioteket, og Møre og Romsdal fylkeskommune. Prosjektet er støtta av Nasjonalbiblioteket. Målet er å skape byliv og styrke biblioteka som møteplassar. Bysmart er ein del av i ‘Byen som regional motor’, fylkeskommunens byutviklingsprosjekt.