Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kontaktpersonar

Lina Jonasson Lina Jonasson
Rådgivar Energi
71 28 03 42 /
Mob. 934 57 221
Send e-post
Stephen Oommen Stephen Oommen
Miljørådgivar
71 28 02 19 /
Mob. +4746276273
Send e-post

Dette er BEAST

BEAST infographic

BEAST infographic

Dokument

Popular Report BEAST
PDF-dokument - 5,86 MB

Hentar grøne idear frå Europa

I byen Leuven i Belgia har dei funne ut at for kvar euro dei investerer i sykkeltiltak i byen, sparar samfunnet det dobbelte. 

Prosjektdeltakarane på sykkeltur gjennom Leuven. Foto: Lina Jonasson.

Møre og Romsdal fylkeskommune er med i EU-prosjektet BEAST. Prosjektet skal bidra til at energi- og klimaplanar blir gjennomført i kommunar og regionar rundt omkring i Europa. Det er ni land med i prosjektet, og i løpet av prosjektperioden skal deltakarane besøke sine land for å utveksle erfaring.

Prosjektet nærmar seg slutten, og i februar vart det siste møtet arrangert i Leuven utanfor Brussel, med ein konferanse som avslutning.

-Sidan Leuven er ein sykkelby, vart det mykje sykling, seier rådgivar Lina Jonasson. Dei bygger sykkelfelt og satsar på ei integrering med sporvogner og bussar, noko som både gir sosiale fordelar og er veldig samfunnsøkonomisk lønsamt.

Vi besøkte fleire bygg som har endra sin energitilførsel eller på anna måte har energieffektivisert. Vi besøkte ei gammal vannmølle som har blitt rusta opp. Foreløpig går ho utan å produsere strøm, på grunn av dei strenge krava til sikkerheit. Men det er installert ein turbin i elva som produserer straum, og planen er å investere i moderne vannmølle som kan vere like effektiv som ein turbin.

-Leuven har også satsa stort på hybridbussar, og det finst no 33 nye hybridbussar og 110 eldre.   

Sluttkonferansen vart arrangert i Brussel, og det var om lag 130 deltakarar frå ulike land med. Sluttkonferansen vart arrangert saman med eit anna internasjonalt prosjekt "Mayors in Action". 

 
BEAST bilde
 
1 co funded iee vert
 
BEAST prosjektmøte i Leuven

Stephen Oommen og Lina Jonasson representerte Noreg i Brussel

 
BEAST prosjektmøte i Leuven

Befaring på nytt nærvarmeanlegg

 
BEAST prosjektmøte i Leuven

Sykkelparkering ved togstasjonen i Leuven

 
BEAST prosjektmøte i Leuven

Dieselelektriske hybridbussar