Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Regional- og næringsutvikling > Nyheiter > Kven fortener Fylkesprisen Årets Bedrift?

Kontaktpersonar

Anne Marte Ostad
Rådgivar
71 28 03 58
Send e-post

Kven fortener Fylkesprisen Årets Bedrift?

Kjenner du ei bedrift, lita eller stor, som fortener utmerkinga Årets Bedrift? Send inn ditt forslag innan 3. februar. 

Kven kan få Fylkesprisen Årets Bedrift?

-Det kan vere bedrifter som i løpet av 2016 har gjort ein ekstra innsats på innovasjon og nyskaping, kompetanse- eller organisasjonsutvikling eller som har klart å skape positive ringverknader for omverda, seier regional- og næringssjef Bergljot Landstad.

-Kandidatane kan komme frå alle bransjar innan industri, handverk og service. Det er stor omstillings- og nyskapingsevne i vårt fylke, og vi håpar det kjem inn mange forslag, seier ho. 

Her kan du sende inn ditt forslag

Det er regional- og næringsutvalet som kårar vinnaren, og prisen blir delt ut under fylkestinget i April. 

Bergljot Landstad

Regional- og næringssjef Bergljot Landstad

Utvalet vil legge vekt på desse kriteria: 

  • Bedriftsøkonomisk vurdering
  • Rolle i regional næringsutvikling (teknologi- og kompetanseutvikling, innovasjon, nyetablering og sysselsetting, ringverknader i lokalsamfunn og region og internasjonalisering)
  • Miljøprofil (omfattar både generell miljøprofil, miljøvenleg produkt og miljøvenleg produksjon)
  • Organisasjon (leiing, rekrutterings- og personalstrategi, hms-profil)

Møre og Romsdal fylkeskommune ønsker å motivere og inspirere næringslivet i fylket til innsats for samfunnet. Derfor deler vi kvart år ut Fylkesprisen Årets Bedrift. Prisen skal gå til ei bedrift i Møre og Romsdal som på ein eller fleire måtar har utmerka seg.

Tidlegare vinnarar av Fylkesprisen Årets Bedrift

2015: Slettvoll Møbler AS, Stranda kommune

2014: Ulmatec Pyro AS, Haram kommune

2013: Rindalslist AS, Rindal kommune

2012: Kleven Maritime AS, Ulstein kommune

2011: Arvid Gjerde AS, Rauma kommune

2010: Gjøco AS, Gjemnes kommune

2009: Saferoad AS, Ørsta kommune

2008: Odim AS, Hareid kommune

2007: Brunvoll AS, Molde kommune

2006: Haugen Bok AS, Volda kommune

2005: GC Rieber Oils AS, Kristiansund kommune

2004: Hydro Aluminium Sunndal AS, Sunndal kommune

2003: Hustad Marmor AS, Fræna kommune

2002: Berg Jacobsen Gruppen AS, Molde kommune

2001: I.P. Huse AS, Sandøy kommune