Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Regional- og næringsutvikling > Nyheiter > Løyver 1,35 mill. til «havbrukshub» på Nordmøre

Kontaktpersonar

Runar Vestheim
Leiar av Regional- og Næringsutvalet
Mob. 911 77 724
Send e-post
Bergljot Landstad Bergljot Landstad
Regional- og næringssjef
71 28 02 13 /
Mob. 900 89 213
Send e-post

Løyver 1,35 mill. til «havbrukshub» på Nordmøre

Fylkeskommunen vil bidra til å styrke havbrukssatsinga på Nordmøre og går inn med midlar til leverandørnettverket «Service på merdkanten». 

Havbruksnæringa er ein av dei store bærebjelkane i norsk økonomi, og Nordmøre har mange kompetanse-, utstyrs- og serviceleverandørar til næringa. Eit forstudium viser at det kan ligge stor økonomisk gevinst gjennom å samarbeide i bedriftsnettverk. Koplinga til kompetansen i olje- og gassnæringa blir også trekt fram.

Skal løyse problema i lag 

Bedriftene i nettverket skal saman arbeide for å finne nye og kostnadseffektive løysingar for å betre fiskevelferd. Dette skal skje gjennom utvikling av teknologi og tiltak for å styrke innovasjons- og konkurransekrafta.

Det er Kristiansund og Nordmøre Næringsforum (KNN) som skal drive prosjektet, og Ocean Network og Vindel (tidlegare Kudtzon Bølgen Innovasjon) får ansvar for teknisk leiing og utvikling. Prosjektet har ei kostnadsramme på 2 850 000, der fylkeskommunen går inn med 1 350 000, KNN går inn med 600 000 og aktørane bidrar med 900 000 i form av eigeninnsats.

Finn Backer KNN

Finn Backer, dagleg leiar i KNN

Viktig prosjekt for regionen

-Vi er veldig glade for at fylkeskommunen løyver støtte til prosjektet, seier dagleg leiar i KNN, Finn Backer. Gjennom løyvinga er fylket med på å vise at dei tar FOU, innovasjon og næring på alvor, og at vi kan bygge på dei naturlege føresetnadane for vekst i havbruksnæring.

Næringsklynge i ryggen

Nettverket skal organiserast som ein hub under næringsklynga NCE Aquatech Cluster, og vil dermed få nasjonal drahjelp til å realisere måla for prosjektet. Administrasjonen til NCE Aquatech ligg i Trondheim, og klynga ønskjer å knytte til seg aktørar frå heile landet.

Regional- og næringsutvalet behandla saka tysdag 6. juni.