Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Regional- og næringsutvikling > Nyheiter > Nytt EU- prosjekt om grøn transport i distrikta

Kontaktpersonar

Lina Jonasson Lina Jonasson
Rådgivar Energi
71 28 03 42 /
Mob. 934 57 221
Send e-post

Nytt EU- prosjekt om grøn transport i distrikta

Hydrogen til bruk i bussar og til lange ferjestrekninger - teknologien har vi, men er det lønsamt? Dette skal fylkeskommunen saman med Vindenergisenteret på Smøla og Smøla Nærings- og kultursenter finne ut av i samarbeid med seks andre land i eit nytt EU-prosjekt.

Foto: Håvard Myklebust

Prosjektet, som har fått støtte frå Interreg Nordsjøprogrammet, heiter Green Passenger Transport in Rural Areas (G-PaTRA) og har som mål å finne miljøvennlege transportløysingar i distrikta. Det er sju land med i prosjektet: Storbritannia, Noreg, Sverige, Danmark, Tyskland, Nederland og Belgia. Prosjektet blir leia av Robert Gordon University i Aberdeen.

I Noreg er Smøla vald ut som case, og prosjektet vil sjå nærare på kordan vi kan få til både nok kraft og lønsemd ved å lage hydrogen av vindmøllekraft til å drifte ferja, bussar på øya og til ambulansebåten. 

-Dei fleste studiar og prosjekt er gjort i tettbygde strøk og seier lite om korleis dette kan løysast i distrikta. Prosjektet vil hjelpe oss til å tenke ressursutnytting og sirkulær økonomi også i distrikts-Noreg. Samstundes kan prosjektet bidra til større aktivitet og nye arbeidsplassar, seier Lina Jonasson, rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Heile prosjektet har eit budsjett på 37 mill kr. Av dette har aktørane frå Møre og Romsdal eit budsjett på 2,5 mill kr, og 50 % av kostnadane blir dekt av Interreg Nordsjøprogrammet. 

Interreg Nordsjøprogrammet er EU sitt transnasjonale program for å fremje samarbeid mellom regionane i sju land i Nordsjøregionen, der norske aktørar også kan delta. Programmet skal bidra til smart, inkluderande og berekraftig vekst i Europa gjennom å fremje betre tilgjengelegheit, berekraftig transport og miljøtiltak. Norske aktørar som deltek i prosjekt i regi av programmet får dekt 50 % av prosjektkostnadane.

Les meir om Interreg og Nordsjøprogrammet.