Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Regional- og næringsutvikling > Nyheiter > Smøla klekkeri og settefisk AS fekk Miljøprisen 2016

Kontaktpersonar

Runar Vestheim
Leiar av Regional- og Næringsutvalet
Mob. 911 77 724
Send e-post

Smøla klekkeri og settefisk AS fekk Miljøprisen 2016

Vinnaren er eit lysande døme på berekraftig næringsutvikling, i følge regional- og næringsutvalet.

Smøla klekkeri og settefisk AS, med omsorg for miljøet.

Tysdag 6. desember annonserte regional- og næringsutvalet at Miljøprisen 2016 går til Smøla klekkeri og settefisk AS.

-  Eg er gledeleg overraska, seier dagleg leiar Per Gunnar Kvendseth, som vil motta sjølve prisen under fylkestinget 12. desember. 

I følge Runar Vestheim, leiar av regional- og næringsutvalet, er Smøla klekkeri og settefisk AS ein svært verdig vinnar.

-  Bedrifta oppfyller heilt klart retningslinjene for miljøprisen, og dei representerer eit godt døme på korleis ein kan oppnå ei berekraftig næringsutvikling, seier Vestheim.

Juryen peiker på at det som særpregar anlegget er at dei har teke kontroll over vasstilførselen og resirkulerer vatnet som vert brukt. Dette er ein metode som er utvikla mykje på grunn av vassforsyninga i området, men den gjev òg fleire andre fordeler i form av kontroll med vasstemperaturen og kvaliteten. Metoden vert no nytta av stadig fleire oppdrettsanlegg i Noreg.  Verksemda har teke inititativ til fleire forskingsprosjekt på produksjon av biogass frå fiskeslam og har investert i eit pilotanlegg for biogassproduksjon basert på teknologi frå Biotek Sterner.

Glad laks

Miljøfokuset gjennomsyrer heile verksemda. Prisvinnaren garanterer ein laks med positivt miljøavtrykk.

- Vi har jobba bevisst for å produsere laks med eit energioverskot. Det vil seie at den som kjøper laksen vår kan grille den og framleis ha eit energirekneskap i null, seier Kvendseth.

Kjemikaliefritt

Bedrifta Smøla klekkeri og settefisk AS er ei landbasert settefiskbedrift som driv med klekking av yngel og framfôring av settefisk. Konsernet produserer laks med kjemikaliefri handtering av lakselus med rensefisk, mekanisk fjerning og ferskvann. Dei søker også utviklingskonsesjon som skal drive energinøytral lakseproduksjon med full kontroll på lakselus.

For berekraft og biomangfald

I år er det den åttande gongen Miljøprisen vert delt ut. Vinnaren får eit kunstverk utforma av ein kunstnar frå Møre og Romsdal og 15 000 kroner. Prisen går til ein kandidat som har gjort eit særleg verdfullt arbeid innan områda biomangfald, berekraftig utvikling, klima, forureining og alternativ og fornybar energi.

Prisen kan delast ut til enkeltpersonar, skoleklassar, organisasjonar, institusjonar, bedrifter, kommunar eller andre som har gjort ein særleg god innsats for miljøarbeidet i fylket.

Desse har vunne før

2015: Stranda Prolog AS 

2014: Naturvernforbundet

2013: Standal knuseverk AS

2012: Alv Ottar Folkestad

2011: Norsøk

2010: Olav Bye

2009: Runde miljøsenter

 

Kontakt:

Runar Vestheim

Leiar av Regional- og næringsutvalet

Mob: 911 77 724