Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Regional- og næringsutvikling > Nyheiter > Søk omstillingsmidlar for leverandørindustrien

Kontaktpersonar

Øyvind Tveten Øyvind Tveten
Rådgivar
71 28 03 57 /
Mob. 922 12 429
Send e-post

Søk omstillingsmidlar for leverandørindustrien

Møre og Romsdal fylkeskommunen lyser ut 3,5 mill. kroner til forsking og innovasjon, omstilling mot nye marknader og tiltak for lærlingar.

Offshore Simulator Centre fekk omstillingsmidlar til prosjektet Brønnbåtsimulator. (foto: OSC)

Utlysinga er ein del av omstillingsprogrammet for oljerelatert leverandørindustri. Hittil har fylkeskommunen løyvd 3,9 mill. av den totale potten på 7,4 mill. kroner.

Kva kan det søkast støtte til?

  • Generelle kriterium for alle prosjekta er at midlane skal gå til tilretteleggande tiltak, det vil seie tiltak for fleire bedrifter eller ein bransje. Fylkeskommunen kan støtte inntil 50 prosent av prosjektkostnadane.
  •  Dei som kan søke er klynger og nettverk av bedrifter. Enkeltbedrifter kan ikkje søke.
  •  Søknadsfrist er løpande. Søknadar der støttebeløp frå fylkeskommunen er over kroner 500 000 vert behandla politisk. Siste frist for å sende inn søknadar som skal til politisk behandling er måndag 14.november.
  •  Søknad skjer elektronisk på www.regionalforvaltning.no.   

Prioriterte tema

Det kan søkast støtte til prosjekt som bygger opp under minst eit av desse temaa:

1. Mobilisere til forsking og innovasjon
Omstilling krev at nye tankar og kunnskap blir omsett til handling. Globale trendar som digitalisering, industrielt internett og bærekraft påverkar alle næringane i fylket. Fylket har vedteke ein ny forskings- og innovasjonsstrategi. Det er naturleg at prosjekta er forankra i denne. 

2. Omstillingstiltak for bedriftsnettverk/bransjar som ønskjer å nå nye marknader
Mange bedrifter ser i desse dagar mot nye marknader. Dette krev at bedriftene må forstå korleis marknaden dei skal inn på fungerer, og kva produkt og tenester dei kan dekke som vil gi meirverdi for kunden. 

3. Tiltak for å betre situasjonen for lærlingar 
For å få støtte, må prosjektet legge til rette for at flest mogleg lærlingar fullfører utdanninga si. Vidare må utdanningsavdelinga i fylkeskommunen godkjenne det faglege opplegget. Prosjekt retta inn mot læringar innan teknologisk og industriell produksjon vil bli prioritert.

Har fått støtte

Prosjekt som har fått støtte gjennom programmet tidligare: