Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Regional- og næringsutvikling > Nyheiter > Søk støtte til innovasjon og forskingsbaserte forprosjekt

Kontaktpersonar

Øyvind Herse
Rådgivar
71 28 03 56 / Mob. 913 64 886
Send e-post

Søk støtte til innovasjon og forskingsbaserte forprosjekt

Små og mellomstore bedrifter (SMB) og kommunar i Møre og Romsdal kan søke støtte til mindre forskingsbaserte prosjekt som bidreg til innovasjon og vidare forsking. Løpande søknadsfrist. 

Små og mellomstore bedrifter kan søke. Det er ikkje nødvendig med erfaring frå forsking og utvikling.

Målet er auka verdiskaping for fleire bedrifter og kommunar i regionen, gjennom systematisk og forskingsbasert innovasjon.

Midlane blir tildelt frå mobiliseringsprosjektet i FORREGION-programmet, ei vidareføring av VRI. Norges Forskningsråd og Møre og Romsdal fylkeskommune samarbeider om gjennomføringa av programmet.

Kven kan søke? 

  • SMB-bedrifter og kommunar i Møre og Romsdal
  • Bedrifter med liten eller ingen erfaring med forsking og utvikling
  • Prosjekta må vere knytt til utvikling og bruk av «mogleggjerande teknologiar» eller «berekraftig og smarte løysingar»
  • I prosjektet må bedrifta eller kommunen samarbeide med ein godkjent forskingsinstitusjon

Prosjekta kan få støtte til kjøp av tenester frå eit forskingsmiljø med inntil kr. 200 000. Søkar må bidra med minst like mykje i eigeninnsats i form av eigne timar eller pengar. Merk at forprosjektmidlane ikkje kan bli brukt til skriving av søknadar til andre program eller støtteordningar.

Søkar må opprette kontakt med ein komeptansemeklar og fylle ut det regionale søknadsskjemaet før søknaden kan leggast inn til godkjenning i det elektroniske søknadssystemet til forskingsrådet. Det er løpande søknadsfrist.

For meir informasjon om ordninga og søknadsskjema, ta kontakt med prosjektleiar Øyvind Herse eller ein kompetansemeklar.

Kompetansemeklarar i Møre og Romsdal

Kontaktperson Institusjon Telefon E-post
Øyvind Herse Møre og Romsdal fylkeskommune 913 64 886 Oyvind.herse@vrimr.no
Asgeir Hansen Vindel AS 928 44 288 asgeir@bolgen.no
Finn Amundsen Protomore Kunnskapspark AS 982 45 441 fa@protomore.no
Trond Lervik ÅKP - Ålesund Kunnskapspark AS 922 65 260 trond.lervik@aakp.no
Bjørn Tafjord Høgskolen i Volda 993 64 801 Bt@hivolda.no
Ola Jon Mork NTNU Ålesund (maritim) 916 70 577 Ola.j.mork@ntnu.no
Grete Hansen Aas NTNU Ålesund (marin) 926 83 378 graa@ntnu.no
Rigmor Einang Alnes NTNU Ålesund (helse) 930 83 505 Rigmor.e.alnes@ntnu.no
Geir Svenning Høgskolen i Molde 992 706 38 Geir.a.svenning@himolde.no
Uladzimir Rubasheuski Møreforsking (logistikk) 907 07036  Uladzimir Rubasheuski@himolde.no
Gøril Groven Møreforsking (kommune) 413 01 048 Goril.groven@himolde.no
Wenche E. Larsen Møreforsking (marin) 917 80 817 wenche.emblem.larssen@moreforsk.no