Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kontaktpersonar

Arne Håkon Sandnes Arne Håkon Sandnes
Rådgivar Klima og miljø
71 28 03 50 /
Mob. 408 72 123
Send e-post
Håkon Slutaas Håkon Slutaas
Rådgivar
71 28 03 52 /
Mob. 975 94 361
Send e-post

Søk støtte til vassmiljøtiltak

Møre og Romsdal fylkeskommune arbeider for å betre miljøtilstanden i bekkar, elver, innsjøar og andre vassførekomstar. Vi inviterer kommunar, vassområdeutval, organisasjonar og private til å søke støtte til gode tiltak. 

Foto: Geir Moen

Vilkåra for å få støtte er at tiltaket må må bidra til å følgje opp Regional forvaltningsplan for Møre og Romsdal vassregion 2016 – 2021.

Det kan søkast støtte til:

  • Tiltak som aukar kunnskapen om eller betrar miljøtilstanden i vassførekomstar
  • Overvaking og kartlegging av miljøtilstand og effekten av tiltak
  • Formidlingsprosjekt som bidreg til å auke kunnskapen og forståinga om vassmiljø

Håkon Slutaas

Håkon Slutaas

Kva er eksempel på gode tiltak?

-Det kan vere å fjerne stengslar som hindrer fisken i å vandre. Det kan også vere tiltak som reduserer avrenning frå landbruk slik som å etablere fangdammar eller kantvegetasjon. Kartlegging og overvaking over avløp kan også vere eit godt tiltak, seier rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune, Håkon Slutaas. 

-Tiltak i prioriterte vassførekomstar, tiltak fastsett i tiltaksprogram og tiltak som bidreg til at miljømål etter vassforskrifta vert nådd, vil bli prioriterte, seier han. 

Det kan søkast støtte på inntil 50 prosent av kostnadane i tiltaket.

Fylkeskommunen tek i mot og behandlar søknadane løpande ut året.

Søkeportal: www.regionalforvaltning.no. Ordninga heiter "Tilskotsordning for vassmiljøtiltak i Møre og Romsdal vassregion"