Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kontaktpersonar

Ingvild Gjerdset Ingvild Gjerdset
Arkitekt MNAL
71 28 03 44
Send e-post

Stor interesse for Tettstadkonferansen

Over 130 deltakarar frå heile fylket kom for å høyre korleis dei kan skape gode møteplassar og sosiale stadar.

Åndalsnes sentrum med ny lekeplass og Norsk Tindesenter var ein del av ramma rundt Tettstadkonferansen.

Med Åndalsnes som vakker ramme, opna Tettstadkonferansen 2017 med sentrale spørsmål som korleis vi kan skape sosiale, gode stadar og trivsel, og korleis kommunane kan jobbe for å nå desse måla.

På programmet stod foredrag og døme frå ei rekke fagpersonar frå både regionen, inn- og utland. Konferansen var arrangert av Møre og Romsdal fylkeskommune i samarbeid med Rauma kommune.

Ny standard

Alexandria Algard frå Alexandria Algard Architects meinte kommunane bør bruke ein ny standard når dei planlegg.

- Vi bør snu opp ned på det vante hierarkiet med bilen på topp. I staden skal vi starte med folk; Ta hensyn til gåande og syklande først. Vi må sette av plass til menneske. Husk at miljøet påverkar korleis vi kjenner oss og vala vi tar. Vi må bruke arkitekturen til å skape synergiar, sa Algard.

Handlekraft

For å gjere gode val og utvikle gode stadar, krevst ein handlekraftig kommune, i følgje Øystein Bull-Hansen, byplanleggar i Drammen og fagansvarleg for BYLIVssenteret. Han påpeika at få har vore like handlekraftige som Drammen.

- Går utviklinga i feil retning, krev det politikk og ein handlekraftig kommune. Skal kommunen lukkast med  stadutviklinga, må dei ta tak sjølv, sa Bull-Hansen, som leia ein paneldebatt om same sak.

Sambruk

Han nemnte ei rekke grep for å utvikle gode landsbyar:

- Gå for sambruk og samlokalisering i sentrum, reduser parkeringsplassar og bilbruk  og lag gode møteplassar. Skap landsbyliv ved å bruke inkluderande arkitektur, og ved å legge til rette for høg aktivitet, sa Bull-Hansen.

På programmet stod også Rauma, som fortalte om utviklingsarbeidet i ein liten kommune. For å vise fram kva dei har fått til i praksis, inviterte kommunen deltakarane både til byvandring i sentrum, til opning av Norsk Tindesenter og tur til Rampestreken.

Stor interesse

Til konferansen kom deltakarar frå heile fylket.

- Det er gledeleg å sjå at konferansen trekk til seg ein god miks av både politikarar, næringslivsfolk og kommunetilsette. Vi vonar og trur at konferansen er relevant for kommunane og deira arbeid med å utvikle tettstadane sine, seier Ingvild Gjerdset, arkitekt og rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune.  

Foredrag og program

Her finn du foredraga frå onsdag

Her finn du foredraga frå torsdag 

Foredraga til Alexandria Algard og Vigleik Winje kan sendast på forespurnad

Her finn du programmet (pdf):