Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kontaktpersonar

Runar Vestheim
Leiar av Regional- og Næringsutvalet
Mob. 911 77 724
Send e-post
Bergljot Landstad Bergljot Landstad
Regional- og næringssjef
71 28 02 13 /
Mob. 900 89 213
Send e-post

Styrker Midsund som marint kraftsenter

Møre og Romsdal fylkeskommune løyver kr 666 666 til Midsund Næringsforum sitt prosjekt «Utvikling av fiskeri og havbruk i Midsund og regionen».

Sildefangst. Foto: Aud Vold, Havforskingsinstituttet  

Midsund kommune er eit marint senter på Romsdalskysten og har aktivitet både innafor tradisjonelt fiskeri, reiardrift og havbruksdrift. Midsund Næringsforum ønskjer å vidareutvikle det marine og maritime miljøet til eit regionalt og nasjonalt kraftsenter.

Prosjektet som no får støtte er etablering av organisasjonen North Atlantic Institute for Sustainable Fishing (NAIS). Organisasjon vil bygge opp eit internasjonalt uavhengig og fiskeribasert institutt med tung fiskerifagleg kompetanse for å fremme ein betre og meir berekraftig forvaltning av våre biologiske havressursar.

Reiarar i Midsund har dei siste åra vore sentrale i etableringa av prosjektet Pelagisk Dugnad. Dei har fått med seg fiskebåtreiarar langs heile kysten og jobba for at Havforskingsinstituttet skal gjennomføre fleire forskingstokt for å kartlegge situasjonen til dei pelagiske artane. Organisasjonen NAIS skal styrke dette arbeidet. Det skal mellom anna etablerast fire ressurs- og kompetansegruppe som skal jobbe for å kartlegge:

  • Makrellbestanden i Nord-Atlanteren
  • Sildebestanden i Nord-Atlanteren
  • Loddebestanden i Barentshavet

Det skal også nyttast Big Data for modellering av framtidas ressurssituasjon i havet.

-NAIS er tungt forankra hos næringsaktørane i fiskeriflåten og svarar på dagsaktuelle regionale og nasjonale behov. Aktivitetane som skal skje i prosjektet synleggjer også ei sterkt samarbeid mellom næringsliv, utdannings- og forskingsmiljø og offentleg forvaltning, seier Vestheim.

Regional- og næringsutvalet behandla saka tysdag 6. juni

Her kan du lese heile saksframlegget.